Tucker Carlson
Tucker Swanson McNear Carlson (fødd 16. mai 1969) er ein amerikansk konservativ politisk kommentator. Han har vore programvert for talkshowet Tucker Carlson Tonight på Fox News sidan 2016.
Tucker Carlson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 16. mai 1969 (55 år) San Francisco |
Yrke | kommentator, spaltist, programleiar, journalist, skribent, tv-journalist, podkastvert |
Organisasjon | CNN, Public Broadcasting Service, MSNBC, Fox News |
Politisk parti | Det republikanske partiet |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Dick Carlson |
Mor | Lisa McNear |
Prisar | Time 100, Salvatori Prize for American Citizenship |
Tucker Carlson på Commons |
Carlson vart journalist i 1990-åra, då han mellom anna skreiv for bladet The Weekly Standard. Han var kommentator på CNN, frå 2000 til 2015, og vert i programmet Crossfire. Deretter var han vert for det nattlege programmet Tucker på MSNBC, frå 2005 til 2008. Han har vore ein politisk analytikar for Fox News sidan 2009. I 2010 var Carlson med på å skipe og drive den konservative nyhende og meiningsnettsida The Daily Caller.
Tidleg i karrieren sin var Carlson sett på som ein libertariansk politisk kommentator. I nyare tid har han uttrykt skepsis for libertariansk økonomisk politikk og tilpassa seg amerikansk nasjonalisme og høgrepopulisme. Carlson har skrive to bøker, memoaren Politicians, Partisans and Parasites: My Adventures in Cable News frå 2003 og Ship of Fools: How a Selfish Ruling Class is Bringing America to the Brink of Revolution frå 2018.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Tucker Carlson ved The Internet Movie Database (IMDb)