Tulia
Tulia er ei polsk musikkgruppe som kombinerer tradisjonell folkemusikk med moderne musikkstilar. Bandet vart skipa i 2017 i Szczecin i Polen. Ho består av Joanna Sinkiewicz, Dominika Siepka, Patrycja Nowicka og Tulia Biczak, som bandet er namngjeve etter. I 2017 fekk gruppa stor merksemd etter å ha gjeve ut ein coverversjon av Depeche Mode sin låt «Enjoy the Silence» på YouTube.[1]
Tulia | |||
| |||
Aktiv | 2017– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkemusikk, rock, pop | ||
Plateselskap | Universal Music Group | ||
Medlemmer | Joanna Sinkiewicz Dominika Siepka Patrycja Nowicka Tulia Biczak |
I 2018 gav gruppa ut debutalbumet Tulia på Universal Music Poland. Albumet har fleire originale songar, og dessutan coverlåtar av polske og internasjonale artistar. Albumet selde raskt over 30 000 eksemplar og nådde platina-status i Polen.
15. februar 2019 kunngjorde den polske allmennkringkasteren Telewizja Polska (TVP) at Tulia var vald til å representera landet i Eurovision Song Contest 2019.[2][3]
Diskografi
endreAlbum
endreTittel | Detaljar |
---|---|
Tulia |
|
Singlar
endreTittel | År | Album |
---|---|---|
«Enjoy the Silence» | 2017 | Tulia |
«Nieznajomy» | 2018 | |
«Jeszcze Cię nie ma» | ||
«Wstajemy już» | ||
«Pali się» |
Kjelder
endre- ↑ «Tulia to represent Poland in Tel Aviv!». ESCXTRA.com (på engelsk). 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019.
- ↑ «Tulia will represent Poland at the Eurovision 2019». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019.
- ↑ «Tulia reprezentantem Polski na Eurowizji 2019». eurowizja.tvp.pl (på polsk). Telewizja Polska. 15. februar 2019. Arkivert frå originalen 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Tulia (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2019.