Den europeiske kringkastingsunionen

(Omdirigert frå European Broadcasting Union)

Den europeiske kringkastingsunionen (DEK) eller EBU/UER (engelsk: European Broadcasting Union, fransk: Union Européenne de Radio-Télévision) er den største samanslutninga av nasjonale fjernsyns- og radioselskap i verda.

Den europeiske kringkastingsunionen

Skipa12. februar 1950; 74 år sidan (1950-02-12)
HovudkontorGenève i Sveits
LeiarDelphine Ernotte
Fokusmedia in Europe
Nettstadhttps://ebu.ch Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

EBU vart grunnlagt den 12. februar 1950 i Torquay i England, og slått saman med den austeuropeiske kringkastingsunionen International Radio and Television Organisation (OIRT) i 1993.

På fjernsynssida samarbeider ein med utveksling av nyhehendeinnslag og bilete gjennom den såkalla Eurovision. Dessutan står EBU for fleire felles sportsatsingar, som til dømes dei olympiske leikane som EBU har produsert sidan 1956.[1] Eit av dei mest kjende EBU-arrangementa er Eurovision Song Contest, som har vore arrangert årleg heilt sidan 1956.

 
Medlemer i EBU

Unionen har 119 medlemer frå 56 land[2] i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Den kjende signaturmelodien til EBU, «eurovisionshymna», er første delen av «Te Deum» av Marc-Antoine Charpentier.

Referansar

endre
  1. «www.ebu.ch». 9 august 2008. Arkivert frå originalen 10. august 2008. Henta 10. august 2008. 
  2. Members actifs Arkivert 2022-01-21 ved Wayback Machine., 8. september 2012

Bakgrunnsstoff

endre