Denne artikkelen handlar om hus- eller gardsamlinga. For tettstaden i Sverige, sjå Tun i Sverige.

Tun er opphavleg eit romleg omgrep som kjem av samlinga av hus ved ein eller fleire gardar, eller inngjerding av eit tilstøytande område. Tun som romleg skildring nyttast oftast der bruksbygningane ved ein eller fleire gardar står så tett at det dannar eit romleg fellesskap.

Graskledd tun ved Riddergården i Hønefoss.
Foto: Tom Bjørnstad, 2007
Ivar Aasen-tunet er ein bruk av tun-omgrepet.
Foto: Andreas Vartdal, 2008

Eit tun kan ofte ha oppstått dersom ein større gard vert oppdelt ved arveskifte, eller der bønder samlar gardshusa sine på ein stad for å oppnå driftsfordelar. Ved vestnorske fjellsider er sam-lokaliseringa ikring felles tun ofte gjort for konsentrere bustader der ein ligg skjerma frå ras, og for å unngå å ta opp meire dyrkbar mark enn det som er nødvendig. I Trøndelag var det vanleg med lukka firkanttun.[1]

I moderne tider vert omgrepet òg brukt om andre bygningar samla rundt ein plass, til dømes «helsetun». Nokre døme på namngjevne tun er Agatunet, Havråtunet og Ivar Aasen-tunet.

Ordsoge endre

Ordet tun kjem frå gammalt germansk og norrønt tún. Det er det same ordet som på nederlandsk tuin, engelsk town og islandsk tún. Godt døme for moderne bruk at ordet tun er det nederlandske ordet for 'botanisk hage', som er krudt-tuin. Eller ser ein at ordet har i dei tre andre germanske målføra utvikla seg delvis annleis, der ein på engelsk har teke ordet vidare i form av samling av hus, og av dette nyttar ordet for ein liten by, town. Nederlanderne nyttar ordet meire i form av 'hage' medan islendarane nyttar det for 'åker'.

Klassiske tuntypar endre

Kjelder endre

  1. Trøndertunet; tronderskbyggeskikk.no