Botanisk hage er eit område der ein dyrkar plantar hovudsakleg for forskings- eller utdanningsføremål. Ein kan laga botaniske hagar innomhus eller utandørs, på større eller mindre område. Samlingar som berre omfattar tre- og buskvekstar blir kalla arboret, mens samlingar av frukttre heiter pomet.

Curitiba botanisk hage i Brasil.
Kaktushuset i Berlins botaniske hage.

Desse museuma av levande plantar er ordna etter ulike prinsipp. Eit mål kan vera å samla så mange ulike plantetypar som mogleg, eit anna å dokumentera eit visst økosystem.

Historie endre

I mellomalderen fann ein ofte urtehagar tilknytt kloster i Europa. Dei første vitskaplege botaniske hagane blei oppretta i samband med tidlege universitet på 1500-talet, først i Nord-Italia, men raskt også elles i Europa.

Dei eldste botaniske hagane er:

Botaniske hagar i Noreg endre

I Noreg finst seks botaniske hagar som samarbeider i Nettverk for norske botaniske hager, i tillegg til Rogaland Arboret (grunnlagd 1972).

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Botanisk hage
  Denne botanikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.