Rekkjetun

Rekketun eller rekkjetun er ei tunform som er særprega av at husa ligg i rekkjer langsetter landskapet. Rekkjetun finst først og fremst i Setesdalen og Telemark, i fjordstrøka på Nordmøre og på Voss.[1] Dei er også den dominerande tunforma i Agder og Romsdal.[2] Byggeforma er gjerne knytt til bratt terreng.[3]

Havretunet/Havråtunet er eit rekkjetun.
Foto: Frode Inge Helland

Ei tilsvarande tradisjonell byggjeform elles i Europa er rekkelandsby, medan ein i nyare tid har fått større byar og tettstader med lineær busetnad.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Tun», Store norske leksikon, 3. september 2015 
  2. 2,0 2,1 Lene Schmidt og Hanne Wilhjelm (1999), MITT HUS ER DIN UTSIKT (PDF), Husbanken/Statens byggeskikkutvalg 
  3. «Tun og tunformer», Byggeskikk, henta 12. desember 2015 

BakgrunnsstoffEndra