Tungt væpna pansra kampvogn

Tungt væpna pansra kampvogn er ei pansra kampvogn til liks med stormpanservogn og pansra personellkjøretøy. Den skal ha ein direkteskytande kanon med eit kaliber på minst 75 millimeter, og veg minst 6 tonn utan nyttelast. Vogna skal ikkje falla inn under definisjonane for pansra personellkjøretøy, stormpanservogn eller stridsvogn. Nyttelast i denne samanhengen er vekt av ammunisjon (avdam), drivstoff, smøreolje og hydaulolje, reservedelar, verktøy og eventuell snorkel for djupvading samt mannskap og deira utstyr.[1]

Døme på tungt væpna pansra kampvogn er: PT-76

Referansar

endre
  1. «NATO/IFOR : OSCE Agreement - January 26, 1996». Henta 28. oktober 2018. «The term "heavy armament combat vehicle" means an armoured combat vehicle with an integral or organic direct fire gun of at least 75 millimeters calibre, weighing at least 6,0 metric tons unladen weight, which does not fall within the definition of an armoured personnel carrier, or an armoured infantry fighting vehicle or a battle tank.»