Tungusarane er eit asiatisk nomadefolk som hovudsakleg lever langs elva Jenisej i Sibir. Folka er delt inn i fleire undergrupper som vert sett på som eigne folkegrupper. Desse folkegruppene snakkar i hovudsak tungusiske språk.

Tungusar i Sibir, sannsynlegvis fotografert av Fridtjof Nansen i 1914.

Historie

endre

Lite er kjent av historia til tungusarane frå før russarane koloniserte Sibir. Tungusarane sine leveområde vart innskrenka av russarane i tsartida, dette vart forsterka under Sovjetunionen då tungusarane i stor grad vart flytte til kollektivbruk. Den opphavlege levemåten har nesten forsvunne, og i dag er det få tungusarar som lever av fiske og fangst.

Nordmannen Fridtjof Nansen skildrar fleire møte med tungusarar som levde på tradisjonelt vis i boka Gjennom Sibir frå 1913 og skriv dette om dei religiøse tilstellingane deira:

Under teltsengene i flere av teltene så vi det hang små russiske helgenbilder som de fører med seg som andre avguder. Kristne skal de jo være, likssom, iallfall i navnet; men ute i skogen tilber de nok sine gamle guder som en slags garanti for en god fangst. Den kristne gud fra vesten har jo ingen greie på deres [tungusernes] virke.

Det han skildrar her er ein religiøs praksis som var utbreidd blant minoritetar på 1800-talet, og som har vorte karakterisert som reformert heidendom.

Kjelder

endre