Tungusiske språk
Tungusiske språk er ein språkfamilie som blir snakka i Mandsjuria og dei austre delane av Sibir. Nokre lingvistar ser tungusisk som ein del av ein større språkfamilie altaisk i lag med tyrkisk og mongolsk, men dei har ikkje klart å finne overtydande argument for dette synet.
Tungusiske språk | ||
Vidare inndeling: | ||
Tala i: | Mongolia, Sibir, Mandsjuria | |
ISO 639-5: | tuw |
Intern klassifisering
endreDei tungusiske språka blir delt inn i ei nordleg og ei sørleg grein, med undergrupper:
- Tungusisk 12 språk, 75 000 talarar
- Nord-tungusisk
- Evensk
- Evensk (Lamutisk) (7500, etnisk 17 000)
- Evenkisk
- Evenkisk-solon (30 000)
- Oroqenisk (oroqen, orontsisk) (1200, etnisk 7000)
- Negidalsk
- Negidalsk (200, etnisk 500)
- Evensk
- Sør-tungusisk
- Søraust
- Sørvest (Mandsjuisk)
- Mandsjurisk (100, etnisk 10 000 000) (morsmålet til den kinesiske keisaren i Qing-dynastiet)
- Xibenisk (sibe, xibo, sibo) (30 000, etnisk 170 000)
- Jursjensk (juchen, ruzhen, nuchen, nüzhen) † (vart tidlegare tala av jursjenerane)
- Nord-tungusisk
Karakteristiske trekk
endreDei tungusiske språka er, som dei fleste andre språka i Sibir, agglutinerande språk, med morfologisk struktur med kasus-, tempus og aspektsystem. Fleire av dei har vokalharmoni.
Moglege språkslektskap
endreI tillegg til teorien om eit altaisk språkfellesskap har menge prøvd å vise at dei er i slekt med koreansk og japansk. Språktypologisk er dette ikkje urimeleg, desse språka har grammatisk sett mykje sams, men problemet er mangelen på leksikalske samband.
Litteratur
endre- Benzing, Johannes (1955a): Die tungusischen Sprachen: Versuch einer vergleichenden Grammatik. (Akademie der Wissenschaften und der Literatur, Abhandlungen der geistes- und sozialwissenschaftlichen Klasse, Jahrgang 1955, Nr. 11) Wiesbaden: Steiner
- Benzing, Johannes (1955b): Lamutische Grammatik mit Bibliographie, Sprachproben und Glossar. (Akademie der Wissenschaften und der Literatur, Veröffentlichungen der orientalischen Kommission, 6) Wiesbaden: Franz Steiner
- Castrén, Matthias A. (1856) : Grundzüge einer tungusischen Sprachlehre. St. Petersburg [repr. Leipzig: Zentralantiquariat der DDR 1969]
- Comrie, B. (1981): The languages of the Soviet Union. Cambridge: CUP
- Doerfer, G. / W. Hesche / H. Scheinhardt (1980): Lamutisches Wörterbuch. Wiesbaden: Harrassowitz
- Hauer, Erich (1952–55): Handwörterbuch der Mandschusprache. Wiesbaden: Harrassowitz
- Kane, Daniel. The Sino-Jurchen Vocabulary of the Bureau of Interpreters. Indiana University Uralic and Altaic Series, Volume 153. Bloomington, Indiana: Indiana University Research Institute for Inner Asian Studies, 1989.
- Malchukov, Andrei L. (1995): Even. (Languages of the World, Materials, 12) München / Newcastle: LINCOM Europa
- Masica, Colin P. (1976): Defining a linguistic area: South Asia. Chicago, IL / London: Chicago UP
- Miller, Roy Andrew. Japanese and the Other Altaic Languages. Chicago: The University of Chicago Press, 1971.
- Nikolaeva, Irina & Maria Tolskaya (2001): A grammar of Udihe. (Mouton Grammar Library) Berlin / New York, NY: Mouton de Gruyter
- Ning, Jin (1993): Sibe-English Conversations. Wiesbaden: Harrassowitz
- Norman, Jerry (1978): A concise Manchu-English lexicon. Seattle, WA / London: Washington UP
- Poppe, N.N. Vergleichende Grammatik der Altaischen Sprachen [A Comparative Grammar of the Altaic Languages]. Wiesbaden: Otto Harrassowitz, 1960.
- Ramsey, S. Robert (1987): The languages of China. Princeton
- Роббек, В.А. (1989): Язык эвенов березовки. Ленинград: Наука
- Schiefner: [Artikel], in: Bulletin der Petersburger Akademie. St. Petersburg 1859
- Sotavalta, Arvo A. (1978): Westlamutische Materialien. (Soumalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia, 168) Helsinki
- Stary, Giovanni (1990): Taschenwörterbuch Sibemandschurisch-Deutsch. Wiesbaden: Harrassowitz
- Tsintsius, V. I. Sravnitel'naya Fonetika Tunguso-Man'chzhurskikh Yazïkov [Comparative Phonetics of the Manchu-Tungus Languages]. Leningrad, 1949.