Tuorda Peak
Tuorda Peak er ein fjelltopp, 870 moh, som ligg austover frå Ferin Head på Velingrad Peninsula, vestkysten av Graham Land i Antarktis. Det vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1956-57, og kartlagd frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1959 etter Pava L. Tuorda, ein same frå Jokkmokk som i lag med Anders Rossa, vart med A.E. Nordenskjöld til Grønland i 1883 og først synte korleis ski kunne nyttast til polferder.
Tuorda Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 870 moh. | ||
- koordinatar | 65°59′S 65°10′W / 65.983°S 65.167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Tuorda Peak 65°59′00″S 65°10′00″W / 65.9833°S 65.1667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Tuorda Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).