Tupperware er eit varemerke for hushaldningsartiklar i plast og er eit av verdas største firma innan direktesal med nesten 1 000 000 konsulentar i meir enn 100 land.[treng kjelde] På verdsbasis vert det årleg halde ca. 12,5 millionar demonstrasjonar med ca. 100 millionar gjester.[treng kjelde] Hovudkontoret til Tupperware ligg i Orlando i Florida og har ei omsetting på nesten 2 milliardar USD og er børsnotert på New York Stock Exchange.[treng kjelde] Dei største marknadane har selskapet i Tyskland, USA, Mexico, Frankrike og Australia.[treng kjelde]

Tupperware


Org.formAksjeselskap
Skipa1946
HovudkontorOrlando[1]
LandUSA
Produkttupperwareboks
Grunnleggjar(ar)Earl Tupper
Nettstadhttps://www.tupperwarebrands.com/ (engelsk)

Historie endre

På 1930-talet byrja amerikanaren Earl Tupper frå Berlin i New Hampshire å eksperimentere med materialet polyten til bruk i plastprodukt. Under 2. verdskrig produserte han gassmasker av lettvektsmaterialet og etter at dei nye elektriske- og gassdrivne kjøleskåpa kom på marknaden i etterkrigstida såg han eit behov for plastbehaldarar som kunne gjere det mogeleg for husmødrer å halde matvarene friske i dei nye kjøleskåpa. Dette førte til oppfinninga av plastboksane med det unike lufttette lokket som viste seg å verne matvarene og forlenge haldbarheita. Inspirasjonen til lokket fekk Tupper frå målingsboksar der lokket er designa slik at målinga ikkje tørkar ut. I 1947 registrerte han varemerket Tupperware Plastics Company. Det som starta som eit eksperiment vart fort eit globalt fenomen.

Tupperwaredemonstrasjonen endre

Earl Tupper lanserte den nye produktlinja gjennom detaljhandelen. Dei banebrytande produkta slo ikkje gjennom hos forbrukarane i starten. På grunn av dette vart «Home party»-konseptet introdusert og det viste seg fort å vere ein svært effektiv måte å kommunisere fordelane ved det unike lufttette lokket. Forbrukarane kunne dessuten få produktet demonstrert og prøve det sjølve. Det nye konseptet bana vegen for at Tupperware raskt skulle bli kjent og salet steig i rekordfart.

Konseptet med direktesal via «Home Parties» som vart kalla Tupperware-demonstrasjonar i Norden, vart utvikla og bygd opp av ein av Tuppereware sine første forhandlarar, ei einsleg mor ved namn Brownie Wise. Ho utmerka ved å vere særs dyktig som konsulent og allereie i 1951 rekrutterte Earl Tupper henne til å utvikle og bygge opp sals- og marknadsføringskonseptet. Med talentet sitt for å arbeide med menneske og sans for marknadsføring utvikla ho konseptet med fokus på respekt for den enkelte konsulenten. Resultatet er blitt at Tupperware-demonstrasjonen i dag er nesten like kjent som produkta.

I dag skjer demonstrasjonane vanlegvis heime hos konsulenten sjølv, på arbeidsplassar eller hos vertar/vertinner som får produkt i «takkegåve» for å ha hatt demonstrasjon heime hos seg. I tillegg kan ein vert/vertinne tene opp ytterlegare produkt gjennom eit «vertinneprogram», altså dersom ho/han får ein av gjestene sine til å bli vert/vertinne i løpet av dei neste åtte vekene. Kor mykje verten/vertinna får av produkt vert då rekna ut frå salet på demonstrasjonen.

Verksemdsstruktur endre

Salsorganisasjonen til Tupperware er bygd opp etter ein modell kalla nettverksmarknadsføring. Nye tilsette startar som salskonsulentar og kan sidan avansere til teamleiarar og distributørar. Nye konsulentar blir rekruttert av andre konsulentar eller teamleiarar. Det kostar ingenting å bli konsulent. Etter å ha motteke startbagen startar ein ny salskonsulent enkelt ved å arrangere demonstrasjonar, i første omgang, heime og hos venner. Når ein salskonsulent har rekruttert tre nye konsulentar kan han/ho bli teamleiar. Tupperware skil seg frå andre nettverk ved at ein berre kan bli distributør etter invitasjon frå selskapet.

Tupperware i Norden og Baltikum endre

Tupperware Nordic A/S har sidan 1962 vore hovudkontoret for den nordiske marknaden (Danmark, Sverige, Noreg, Finland og Island) og sidan 1996 i tillegg for den baltiske marknaden (Estland, Latvia og Litauen). Tupperware i Norden består av 16 000 konsulentar og teamleiarar.[treng kjelde] Carl Benkovich er administrerande direktør og dagleg leiar for hovudkontoret som ligg i København. Hovudkontoret har 43 medarbeidarar som arbeider med marknadsføring, sal og økonomi. Det er 48 distributørar i Norden og Baltikum og deira kontor er fordelt over heile området for å sørge for ei lokal forankring og nær kontakt med teamleiarar og konsulentar. I Noreg er det 11 distribusjonskontor som ligg mellom Kristiansand i sør og Tromsø i nord.

Bakgrunnsstoff endre

  1. https://www.boijmans.nl/en/collection/artworks/113345/mixer; vitjingsdato: 18. april 2024; oppført som: Tupperware.