New York-børsen

(Omdirigert frå New York Stock Exchange)

New York Stock Exchange (NYSE) er verdas største aksjemarknad (i samla børsverdi) og ligg på Manhattan i New York, ved Wall Street og Broad Street.

New York-børsen


Skipa17. mai 1792
HovudkontorNew York by
LandUSA[1]
StyreleiarJeffrey Sprecher (2013)
Marknadsverdi28 528 761 000 000 USA-dollar (30. juni 2018)[2]
Nettstadhttps://www.nyse.com (engelsk)

Historie endre

Børsen blei grunnlagd under eit platantre i 1792, med avtalen Buttonwood Agreement. Etter fleire midlertidige opphaldsstader flytta børsen i 1903 inn i den klassisistiske børsbygningen teikna av George Post ved Wall Street. Då starta tradisjonen med å opna og lukka børsen ved å ringa ei klokke klokka 09.00 og klokka 16.00. Det å få ringa med klokka er rekna som ei ære.

I 1929 fann børskrakket som innleidde depresjonstida stad her.

 
Eit handelsområd i New York-børsen i 2009.
Foto: Kevin Hutchinson
 
Teikning av New York-børsen.
 
New York-børsen i 2008.

Børsen har lange tradisjonar for handel som finn stad ansikt til ansikt, men gjekk gradvis over til elektronisk handel og enda i 2009 tradisjonen kjend som «public outcry». 2000-talet markerte også ein overgang frå ein sjølvstendig brukareigd børs til eit aksjeselskap. I 2006 fusjonerte New York-børsen med børsteknologiselskapet Archipelago Holding og byrja sal av eigne aksjer under kortforma NYX. I 2007 fusjonerte selskapet med den europeiske børsgruppa Euronext til NYSE Euronext. Denne gruppa kjøpte i 2008 aksjebørsen American Stock Exchange (AMEX), som fekk det nye namnet NYSE MKT. I 2011 planla selskapet ein fusjon med den tyske børsgruppa Deutsche Börse, men blei blokkert av EU-kommisjonen fordi det kunne føra til eit monopol. I 2013 blei NYSE Euronext kjøpt opp av IntercontinentalExchange frå Atlanta i Georgia.

Børsindeksar som Dow Jones-indeksen og S&P 500 byggjer i stor grad på obligasjonar og aksjar frå New York-børsen.

Børsbygningen blei rekna som eit «National Historic Landmark» i USA frå 1978.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bibliothèque nationale de France, data.bnf.fr (på fransk), BNF-id 11949451v, Wikidata Q19938912, henta 25. april 2022 
  2. https://www.nyse.com/market-cap.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: New York-børsen