Silketrykk eller serigrafi er ein grafisk trykkemetode for bilde der trykkfargen blir overført til underlaget gjennom ein stram, finmaska duk der motivet er teikna med lakk som ein sjablong eller stensil med opne og tette parti. Teknikken kan brukast til tekstil, kermikk, glas, metall, plast og dei fleste underlag i tillegg til papir. Omgrepet «silketrykk» viser både til teknikken og til det trykte bildet han skaper.

Nærbilde av ein finmaska duk av silke eller nylon til bruk i silketrykk.
Silketrykk av Pierre Alechinsky frå 1979.

Historie endre

Silketrykk oppstod i Aust-Asia. Den eldste attkjennelege forma oppstod i Kina under Song-dynastiet (960–1279).[1][2] Teknikken spreidde seg til naboland som Japan, og blei vidareutvikla med nye metodar.

Silketrykk blei tatt i bruk mellom anna til reklameplakatar i USA tidleg på 1900-talet. Trykkteknikken er frameliss utbreidd i industrien og til kommersielle formål, til dømes ved reklametrykkgjenstandar og klede. Frå 1930-talet er silketrykk også blitt nytta av kunstnarar. Teknikken blei særleg populær innan popkunst på 1960-talet. Ein kjend pop-kunstnar som brukte teknikken var Andy Warhol. På 1970-talet var teknikken mykje brukt til å laga politisk kunst, til dømes av norske Per Kleiva.

Framgangsmåte endre

 
Skjematisk teikning av utstyr for silketrykk. A: Farge. B: Gummirakel. C: Sjablong. D: Silkeduk E: Ramme. F: Trykk. Illustrasjon av Harry Wad frå 2007.

Silketrykk gjev jamne, kraftige fargeflatar. Metoden er eit plantrykk, det vil seia at sjølve «trykkplata» (silkeduken) er heilt plan.

Prinsippet er at ein spenner opp ein finvoven silkeduk på ei kraftig ramme. Når denne ligg på underlaget og trykkfargen blir svabra over, vil fargen trenga gjennom duken og ned på underlaget.

For at det skal bli eit motiv i bildet, må duken tettast nokre stader slik at trykkfargen ikkje slepp gjennom. Trykkfargen slepp berre gjennom dei fine hola i vevnaden.

Denne trykkteknikken er enkel å utføra utan kostbare maskinar. I den enkleste forma treng ein ei ramme med ein silkeduk spent på. Det finst også trykkebord der ramma kan spennast fast, og enkelt hevast og senkast over underlaget. Slike trykkebord har ofte perforert bordplate, og ei vifte (avsug) som gjer at papiret syg seg fast til bordet. Då vil det ligga stille og ikkje flytta seg, noko som er viktig dersom ein skal trykka i fleire omgangar med fleire fargar.

Ein stensilmaskin verker etter silketrykkprinsippet. Ein stensil er eit tynt ark av papir dekka med voks. Ved å skrive på han med ein skrivemaskin, eller ripe i han med ei nål, blir det opningar i voksen med same form som skrifta eller ripene. Stensilen blir spent fast over ein trommel i maskinen, som presser trykkfarge på papiret gjennom opningane.

Kjelder endre

  1. Sheng, Angela (1999). «Review: Why Ancient Silk Is Still Gold: Issues in Chinese Textile History». Ars Orientalis 29. JSTOR 4629553. 
  2. «History's Influence on Screen Printing's Future | ScreenWeb». screenweb.com. 4. mai 2006. Arkivert frå originalen den 21. januar 2013. Henta 15. november 2012. 

Litteratur endre