Opna hovudmenyen

Turja (russisk Турья́) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Sosva frå venstre. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 160 km². Elva har ei middelvassføring på 2,64 m³/s.

Turja
elv
River Turya (inflow of the Sosva).jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 160 km²
Lengd 128 km
Middelvassføring 2,64 /s
Kjelde Uralfjella
Munning Sosva
Wikimedia Commons: Turya River

Elva har utspring i myrområde på austsida av dei sentrale Uralfjella. Ho renn austover gjennom eit relativt ope og tildels myrlendt landskap, og munnar ut i Sosva rundt 25 km aust for Krasnoturjinsk. Elva er 10-40 meter brei. Ho frys til i slutten av oktober og er dekt av is fram til månadsskiftet april/mai. Byer ved Turja er Krasnoturjinsk og Karpinsk.

I 1943 vart det bygd ei demning over elva ved Krasnoturjinsk. Det resulterande Bogoslovskoje-reservoaret er 18 meter djupt, rundt 0,5 km breitt og 8 km langt og når heilt til nabobyen Karpinsk. Det er seinare òg bygd fleire demningar lengre opp i elva

Elva er forureina som følgje av industrien i området, som Bogoslovskij aluminiumsverk, ein kyllingfabrikk, og eit kraftverk, i tillegg til avløp frå byane Krasnoturjinsk og Karpinsk.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra