Turkmensk
Turkmensk (Туркмен) er nasjonalspråket i Turkmenistan. Språket blir snakka av om lag 3,43 mill. menneske i Turkmenistan, og ca. 3 mill. i andre land, mellom anna Iran (2 mill.), Afghanistan (500 000) og Tyrkia (1000).
Turkmensk Туркмен Turkmen | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Sørtyrkisk Turkmensk | |
Bruk | ||
Tala i | Turkmenistan Afghanistan Iran Tyrkia Irak | |
Turkmensktalande i alt | 6 403 533[1] | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Turkmenistan | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | tk | |
ISO 639-2 | tuk | |
ISO 639-3 | tuk | |
Wikipedia på turkmensk |
Turkmensk er eit tyrkisk språk, eit sør-tyrkisk språk i den turkmeniske gruppa, i nært slektskap med krimtyrkisk og salar, og i fjernare slektskap med tyrkisk og aserbajdsjansk.
Turkmensk blir skrive med kyrillisk alfabet eller arabisk alfabet, no tildels også med det latinske alfabetet. Før den russiske revolusjonen vart turkmensk skrive med det arabiske alfabetet, frå 1928 til 1940, etter prinsippa i sovjetisk språkpolitikk, med det latinske alfabetet,[2] og seinare med det kyrilliske alfabetet, men med 5 tilleggsbokstavar, ә, ө, ү, җ og ң.[3]
På 1990-talet gjekk dei i Turkmenistan over til det latinske alfabetet, den turkmenske versjonen av Wikipedia blir til dømes skrive med latinsk alfabet.
A a | B b | Ç ç | D d | E e | Ä ä | F f | G g |
H h | I i | J j | Ž ž | K k | L l | M m | N n |
Ň ň | O o | Ö ö | P p | R r | S s | Ş ş | T t |
U u | Ü ü | W w | Y y | Ý ý | Z z |
Referansar
endre- ↑ Ethnologues tal frå 1995
- ↑ Jazyki mira: Tjurkskije jazyki. Moskva: Indrik 1997. ISBN 5-85759-061-2
- ↑ {{Musajev, K.M. 1993: Jazyki i pismennosti narodov Jevrazii (regiona byvšego SSSR) Almaty, Gylym. ISBN 5-628-01418-4