Tussan er nokre fjelltoppar på Nordmøre. Dei ligg sør for Eide i Hustadvika, på kommunegrensa til Gjemnes. Dei består av to fjell, men fleire toppar. Tussvatnet (452 moh.) ligg i mellom.

Tussan sett frå Skjelvikbukta.
Stortussen.

Stortussen endre

Stortussen (1027 moh.) ligg lengst aust. Nordtussen (869 moh.) er ein topp i same fjellmassiv, mot nord. På Gjemnessida vert fjellet kalla Snøtinden.

Frå Gjemnessida er det sti opp til toppen frå Ulleland i Åndalen. Stien følgjer Kvernsteinelva til Ullalandsvatnet, vidare mot vest til toppen.

Frå Eidesida startar stien i Herskedalen eller frå Ugelstadmyra. Begge stiane går i hop og går over Tverrliknausen, Gongøra (835 moh.), og Kaka.

Sørtussen endre

Sørtussen (902 moh).

Sti til toppen går frå Gjemnessida, frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Åndalssetra (262 moh.). Han går først opp til Trolldalsvatnet (354 moh.), vidare til Fagerdalsvatnet (482 moh.) og til toppen.

  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.