Eide på Nordmøre
Eide er ein tettstad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Staden var tidlegare administrasjonssenteret i tidlegare Eide kommune. Tettstaden ligg på nordsida av Isingvågen i Kornstadfjorden og har 1 446 innbyggjarar per 1. januar 2023. Han var den einaste tettstaden i Eide kommune.
Eide | |||
tettstad | |||
Utsyn mot Eide
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Hustadvika | ||
Areal | 1,84 km² | ||
Folketal | 1 446 (2023) | ||
Folketettleik | 786 / km² | ||
Postnummer | 6490 EIDE | ||
Innbyggjarnamn | eidsar | ||
Preposisjon | på Eide | ||
Eide på Nordmøre 62°55′02″N 7°26′48″E / 62.91722222°N 7.44666667°E | |||
Wikimedia Commons: Eide |
Tettstaden har grunnskole, barnehage, daglegvarebutikk og psykiatrisk bu- og behandlingssenter. På Eide står Eide kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1871. Ved tettstaden er det steinbrot og steinindustri.[1]
Fylkesveg 64 frå Molde til Kristiansund gjev kortaste veg frå Eide til begge byane. Eide har også gode bussamband til både Molde og Kristiansund. Frå tettstaden fører fylkesveg 279 langs Kvernesfjorden austover til E39 i Gjemnes kommune.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Eide – tettsted i Eide». Store norske leksikon. 3. januar 2016. Henta 15. april 2018.
- ↑ «Eide». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 15. april 2018.
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.