Tuva Hansen (fødd 4. august 1997) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann i Toppserien og for det norske landslaget.[1][2]

Tuva Hansen
Personleg informasjon
Fødd 4. august 1997
Fødestad Bryne
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 4
Ungdomsklubbar
0 Bryne
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2013 Klepp 8 (0)
2014 Arna-Bjørnar 10 (0)
2015–2020 Klepp 127 (2)
2021– Brann 39 (2)
Landslag
2011–2012 Noreg J15 5 (1)
2012–2013 Noreg J16 15 (2)
2013–2014 Noreg J17 10 (3)
2014–2016 Noreg J19 32 (2)
2015–2019 Noreg U23 13 (0)
2017– Norge 23 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Klubbkarriere endre

Klepp og Arna-Bjørnar (2013–2014) endre

Hansen byrja seniorkarrieren etter å ha kome til Klepp frå Bryne FK. Ho debuterte i Toppserien for Klepp i 2013. Ho spela for Arna-Bjørnar i 2014, då ho kom på lag med sin storesyster Hege Hansen.[3][4]

Klepp (2015–2020) endre

I november 2014 vart det kjent at både Tuva og systera Hege Hansen melde overgang tilbake til Klepp.[5] I 2015 etablerte Tuva seg virkeleg som Toppserie-spelar, og ho vart nominert til Statoils Talentpris for 2015.[6] Hun vaks fram som ein solid forsvarsspelar og vart etterkvart kaptein i klubben. I 2016 vart ho kåra til årets spelar i Klepp av Jærbladet og etter sesongen takka ho nei til eit kontraktstilbod frå LSK Kvinner.[7] I 2018 var ho med å ta ein sterk andreplass og sølv i Toppserien med Klepp,[8] etterfølgde av bronseplass i 2019.[9]

Sandviken/Brann (2021– ) endre

I november 2020 annonserte Sandviken at dei hadde signert Hansen og lagvenninna Elisabeth Terland frå Klepp.[10] Hansen vart raskt ein leiar i laget og fekk kapteinsbindet i sin fyrste sesong i klubben.[11] Sesongen vart ein stor opptur og 7. november 2021 sikra Sandviken seriegullet og sende samstundes den tidlegare klubben til Hansen Klepp ned i 1. divisjon i 8-0-sigeren.[12] Ho vart av Sportskollektivet.no kåra til årets spelar i Toppserien same år.[13]

Landslagskarriere endre

Hansen har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget.[2]

Hansen vart teken ut til det norske A-landslaget for fyrste gang i november 2016.[14] Debuten fekk hun 19 år gammel i 0-3 tapet mot Spania under Algarve Cup i mars 2017.[15]

Hansen vart teken ut i troppen til EM i Nederland 2017.[16] Ho vart også teken ut i troppen til EM i England 2022.[17]

Merittar endre

Med Sandviken

Med Brann

Privatliv endre

Hansen har saman med hunden sin Vilja fått mykje merksemd i sosiale medium.[18] Per juni 2022 har dei over 1,1 millionar følgjarar på TikTok,[19] og 138 000 på Instagram.[20]

Hansen er dotter av tidlegare fotballspelar Hugo Hansen, og lillesyster til Cato Hansen og Hege Hansen som også har spela fotball på toppnivå.[4] Tuva og Hege har også spela ein kamp saman på A-landslaget. Den fyrste kampen Tuva spela for landslaget, var også den siste Hege spela.[2][21]

Kjelder endre

  1. «Tuva Hansen». Brann. Arkivert frå originalen 30. juni 2022. Henta 12. juni 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tuva Hansen – Kampstatistikk». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). 12. juni 2022. 
  3. «Tuva Hansen - Profil (klubb)». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 12. juni 2022. 
  4. 4,0 4,1 Larsen, Eirin (30. august 2011). «Fjerde Hansen på landslaget». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022. 
  5. Håland, Trude (14. november 2014). «(+) Hege Hansen har signert for Klepp». Jærbladet (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  6. Sel, Tarjei (5. oktober 2015). «(+) Tuva nominert til «Årets talent»». Jærbladet (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  7. Sandsmark, Øyvind Ulland (9. november 2016). «(+) Her er årets Klepp-spiller». Jærbladet (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  8. Fotballforbund, Norges. «Toppserien 2018 - Tabell». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 12. juni 2022. 
  9. «Beste plassering noensinne». Toppserien (på norsk bokmål). 17. november 2019. Henta 12. juni 2022. 
  10. «Tuva Hansen og Elisabeth Terland er klar for Sandviken Toppfotball neste sesong.». Sandviken Toppfotball (på norsk bokmål). 17. november 2020. Arkivert frå originalen 13. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  11. «Årets kapteinsteam». Sandviken Toppfotball (på norsk bokmål). 20. mai 2021. Arkivert frå originalen 13. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  12. Hagen, Mathias (7. november 2021). «Sandviken har startet gullfesten – blir seriemester for første gang». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2022. 
  13. av, Skrevet; oss!, reas Kristoffer Berge 18 11 2021 16:30-OPPDATERT 03 12 2021 16:40 Tips oss 40833313 Tips (18. november 2021). «Årets Spiller i Toppserien 2021: Tuva Hansen». Sportskollektivet (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  14. Sel, Tarjei (22. november 2016). «(+) Tuva Hansen tatt ut på a-landslaget». Jærbladet (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  15. Fotballforbund, Norges. «Spania - Norge - 03.03.2017 19.30». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 11. juni 2022. 
  16. «Her er Norges tropp til fotball-EM». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 3. juli 2022. 
  17. AS, TV 2 (7. juni 2022). «Dette er Norges tropp til EM - går for medalje». TV 2 (på norsk). Henta 3. juli 2022. 
  18. AS, TV 2 (10. august 2021). «Vilja (1) får sosiale medier til å eksplodere - sett av over 65 millioner». TV 2 (på norsk). Henta 13. februar 2022. 
  19. «Vilja The Cockapoo (@viljacockapoo) TikTok | Watch Vilja The Cockapoo's Newest TikTok Videos». TikTok (på engelsk). Henta 11. juni 2022. 
  20. «Logg inn • Instagram». www.instagram.com. Henta 11. juni 2022. 
  21. Fotballforbund, Norges. «Hege Hansen - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 14. juni 2022.