TikTok
TikTok er eit kinesisk sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar, i all hovudsak gjennom ein mobilapp. Videoane inneheld ofte framføringar med song-miming, humor, dans eller matlaging. Nettstaden er blitt forboden i fleire land eller har fått kritikk for brot på personvernlovgjeving, overvaking av brukarane og trugsmål mot nasjonal tryggleik.
TikTok | |||
| |||
Utviklar | Beijing Microbroadcast Vision Technology | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | september 2016 | ||
OS-familie | Douyin | ||
Type | videodelingstjeneste, sosiale medium | ||
Lisens | proprietær lisens | ||
Nettstad | https://tiktok.com |
Nettverket har det Beijing-baserte selskapet ByteDance som eigar. Dette blei skipa i 2012 av Zhang Yiming.[1][2] I 2017 blei TikTok-appen gjeven ut for marknaden utanfor Kina. TikTok er ikkje tilgjengeleg i Kina, men i 2016 lanserte ByteDance applen Douyin for den kinesiske marknaden.[3][4] TikTok og Douyin er identiske, men Douyin har andre retningslinjer.[5] TikTok er populært i Asia, USA og store delar av verda, og appen var tilgjengeleg på 39 språk i 2020.[6] I september 2018 var TikTok den mest nedlasta appen i USA den månaden – den fyrste kinesiske appen som oppnådde dette.[7]
Per 2021 var det registrert éin milliard brukarar.[8] Totale nedlastingar var omtrent tre milliardar i juni 2021.[9]
Historie
endreForløparen til TikTok var heiter Musical.ly.[10] Musical.ly blei skapt av Alex Zhu og Luyu Yang, og blei kjøpt opp for éin milliard dollar i november 2017 av ByteDance, som allereie hadde lansert TikTok.[11] I august 2018 blei alle Musical.ly-kontoane overført til TikTok, og Musical.ly blei seinare lagt ned.[12]
Funksjonar
endreBrukarar på TikTok kan laga korte videoer av seg sjølv eller andre. Dei kan opptre på ulike måtar, til dømes ved å mime til musikk, dansa, synga eller anna. Ein kan legge til effektar, musikk og eigen lyd. Det går an å lage duettar, ved at fleire brukarar filmar eigne videoar og legg dei ut saman. Videoar lagt ut på TikTok kan også delast på andre sosiale medium. Det går også an å gje ut videoane privat, berre for vennar og utvalde følgjarar.[13] Fleire av videoane har gått viralt og skapt ulike TikTok-trender.[14] TikTok har også blitt brukt til filmkritikk, ofte ved hjelp av memar og lipsyncing.[15]
Kjelder
endre- ↑ Ting, Deanna (30. oktober 2019). «Everything you need to know about ByteDance, the company behind TikTok». Digiday (på engelsk). Henta 20. januar 2020.
- ↑ «Zhang Yiming». Forbes (på engelsk). Henta 20. januar 2020.
- ↑ Ting, Deanna (30. oktober 2019). «Everything you need to know about ByteDance, the company behind TikTok». Digiday (på engelsk). Henta 20. januar 2020.
- ↑ «Douyin, TikTok app in China, hits 400 million daily active users». TechCrunch (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. mars 2021. Henta 20. januar 2020.
- ↑ Verberg, Gabi. «Are Douyin and TikTok the Same?». www.whatsonweibo.com (på engelsk). Henta 20. januar 2020.
- ↑ «Support Center | TikTok». support.tiktok.com. Henta 20. januar 2020.
- ↑ Bastone, Nick. «A viral video app you've probably never heard of had more downloads in September than Facebook, YouTube, or Snapchat». Business Insider. Henta 20. januar 2020.
- ↑ «TikTok Revenue and Usage Statistics (2021)». Business of Apps (på engelsk). 10. januar 2019. Henta 14. november 2021.
- ↑ «TikTok Revenue and Usage Statistics (2021)». Business of Apps (på engelsk). 10. januar 2019. Henta 15. november 2021.
- ↑ «The popular Musical.ly app has been rebranded as TikTok». The Verge (på engelsk). 2. august 2018.
- ↑ «China's Bytedance scrubs Musical.ly brand in favor of TikTok». Reuters (på engelsk). 2. august 2018.
- ↑ «TikTok, explained». Vox (på engelsk). 10. desember 2018.
- ↑ «A Beginner's Guide to TikTok». wired.com. 2019-0306. ISSN 1059-1028.
- ↑ «The 10 Most Popular TikTok Trends to Follow in 2019». Mediakix (på engelsk). 21. juni 2019. Arkivert frå originalen 11. mars 2020.
- ↑ «Criticism in the age of TikTok – a video essay». Sight & Sound. 2019.
- Denne artikkelen bygger på «TikTok» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2023.