Jærbladet
Jærbladet er ei avis som har hovudkontoret sitt på Bryne i Time kommune på Jæren. Avisa kjem ut tre gonger for veka, måndag, onsdag og fredag. Avisa tek mål av seg å dekka jærkommunane Hå, Time og Klepp.
Jærbladet | |
Type | Lokalavis |
---|---|
Format | abonnement og tabloid |
Grunnlagd | 1949 |
Eigarar | Amedia |
Redaktør(ar) | Ansvarleg redaktør: Kirsten Marie Myklebust |
Språk | Nynorsk og bokmål |
Politisk posisjon | partipolitisk uavhengig |
Opplag | 12 903 (2015) |
Hovudkvarter | Meierigata 22, Bryne |
Nettstad | www |
Frå starten i 1949 var Jærbladet ei avis med mykje nynorsk. Etter kvart er det òg ein del bokmål i avisa.
Jærbladet vert eigd og utgjeve av Jærbladet AS. Jærbladet AS vert igjen eigd av Amedia. Jærbladet gjekk 30. april 2004 over til tabloid format.
Opplagstal Endra
Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 12 475 |
2001 | 12 477 |
2002 | 12 428 |
2003 | 12 377 |
2004 | 12 598 |
2005 | 12 617 |
2006 | 12 763 |
2007 | 13 064 |
2008 | 13 264 |
2009 | 13 266 |
2010 | 13 305 |
2014 | 12 930 |
Bakgrunnsstoff Endra
Litteratur Endra
- Fylling, Jostein: Avisa på Jæren : Jærbladet 50 år : 1949-1999. Bryne 1999.
Kjelder Endra
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.