Opna hovudmenyen

Koordinatar: 61°19′38.9″N 8°16′34.2″E Tvindehaugen er ei tidlegare turisthytte i Vang kommune i Oppland. Hytta var den fyrste turisthytta til Den Norske Turistforening (DNT) i Jotunheimen.

Tvindehaugen vart oppført i 1870 på austsida av innsjøen Tyin i Vest-Jotunheimen. Hytta vart lagt ned i 1901 og flytta til Bygdin, der Tvindehaugen dannar ein del av Torfinnsbu. Minnestøtte vart reist i 1943 på dei gamle tuftene ved Tyin like ved bilvegen.

KjelderEndra