Tyin er ein innsjø i den sørvestlege delen av Jotunheimen. Heile sjøen ligg i Vang kommune i Innlandet. Den nordlege breidda følgjer stort sett grensa mellom Vang og Årdal kommune i Vestland. Sjøen er vassmagasin for Tyin kraftverk og høgda vert regulert mellom 1082,84 og 1072,50 moh. Volumet er 313 millionar kubikkmeter.

Tyin
innsjø
Tyin
Foto: Tore Urnes
Land  Noreg
Fylke Innlandet, Vestland
Kommunar Vang, Årdal
Høgd over havet 1083 moh.
Areal 33,02 km²
Volum 0,3 km³
Kystlengd1 51,48 km
Koordinatar 61°18′33″N 08°14′41″E / 61.30917°N 8.24472°E / 61.30917; 8.24472
Kart
Tyin
61°17′00″N 8°13′00″E / 61.283333333333°N 8.2166666666667°E / 61.283333333333; 8.2166666666667
Wikimedia Commons: Tyin
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Langs sørsida av sjøen går riksveg 53 (Tyin–Årdal) og langs austsida går riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden).

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet og Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.