Twin Freaks
Remiksalbum av Twin Freaks
Utgjeve 14. juni 2005
Innspelt 2004-2005
Sjanger Electronica
Lengd 53:45
Selskap Parlophone
0946 3 11300 1 4
E1-11300
Produsent Paul McCartney & Freelance Hellraiser
Paul McCartney-kronologi 
Back in the World
(2003)
Twin Freaks Chaos and Creation in the Backyard
(2005)
Singlar frå Twin Freaks
  1. «Really Love You»
    Utgjeve: 6. juni 2005
  2. «What's That You're Doing»
    Utgjeve: 2005

Twin Freaks er eit samarbeidsalbum av Paul McCartney og DJ-en og produsenten Freelance Hellraiser (Roy Kerr). Albumet kom ut den 13. juni 2005.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[1]

Historie og struktur endre

Dette prosjektet til McCartney og Kerr var eit framhald av samarbeidet deira på McCartney-turneen i 2004. Kerr var på den tida kjend for mashup-albumet A Stroke of Genius i 2002[2] og varma opp med eit halvtime langt sett før konsertane til McCartney i 2004[2] der Kerr remiksa forskjellige McCartney songar i uvanlege og ofte ugjenkjenneleg former. Twin Freaks voks ut frå desse miksane.

Alle McCartney-songane er sterkt omarbeidd i prosessen.[2] Albumet vart produsert som ei dobbel vinylplate og digital nedlasting i Windows Media Audio-formatet (WMA). Plateomslaget består av fleire måleri i liknande stil og tone av kunstnaren Willem de Kooning.

«Really Love You», med B-sida «Lalula», kom ut som ein einsides 12"-singel, avgrensa til 500 eksemplar, den 6. juni 2005. Ein annan singel, avgrensa til 200 eksemplar, kom òg ut med «What's that You're Doing» og «Rinse the Raindrops».

Innhald endre

Alle songar skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Really Love You» (Paul McCartney, Richard Starkey)5:42
2.«Long Haired Lady (Reprise)» (Paul McCartney, Linda McCartney)4:50
3.«Rinse the Raindrops»3:14
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Darkroom»2:30
5.«Live and Let Die» (Paul McCartney, Linda McCartney)3:26
6.«Temporary Secretary»4:12
Side tre
Nr.TittelLengd
7.«What's That You're Doing» (Stevie Wonder, Paul McCartney)4:57
8.«Oh Woman, Oh Why»4:19
9.«Mumbo» (Paul McCartney, Linda McCartney)5:24
Side fire
Nr.TittelLengd
10.«Lalula»4:25
11.«Coming Up»4:42
12.«Maybe I'm Amazed»6:12

Kjelder endre

  1. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  2. 2,0 2,1 2,2 arkivkopi, arkivert frå originalen 2. september 2016, henta 26. mai 2018 

Bakgrunnsstoff endre