Chaos and Creation in the Backyard

album av Paul McCartney
Chaos and Creation in the Backyard
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk
Utgjeve 13. september 2005
Innspelt September 2003 – april 2005
Studio RAK Studios i London, Ocean Way Studios i Los Angeles og AIR Studios i London[1]
Sjanger
Lengd 46:53
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Nigel Godrich
Paul McCartney-kronologi 
Twin Freaks
(2005)
Chaos and Creation in the Backyard Never Stop Doing What You Love
(2005)


Singlar frå Chaos and Creation in the Backyard
  1. «Fine Line»
    Utgjeve: 29. august 2005
  2. «Jenny Wren»
    Utgjeve: 21. november 2005
  3. «This Never Happened Before»
    Utgjeve: 2006 (berre promo)

Chaos and Creation in the Backyard er det 13. studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 2005. Albumet tok lang tid å få i stand og vart produsert av produsenten til Radiohead og Beck, Nigel Godrich, etter forslag frå George Martin.

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic78/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[3]
Blender2/5 stars[4]
Robert Christgau(fiasko)[5]
Entertainment WeeklyB[6]
The Essential Rock Diskografi6/10[7]
The Guardian4/5 stars[8]
Los Angeles Times3/4 stars[9]
The Music Box3.5/5 stars[10]
NME6/10[11]
People4/4 stars[12]
PopMatters8/10 stars[13]
Q3.5/5 stars[14]
Rolling Stone4/5 stars[15]
Stylus MagazineA[16]
USA Today3/4 stars[17]

McCartney spelar dei fleste instrumenta sjølv, slik han gjorde på McCartney i 1970 og McCartney II i 1980. I tillegg var Chaos and Creation in the Backyard det første sidan Give My Regards to Broad Street i 1984 der McCartney ikkje var produsent på sitt eigne studioalbum.

Chaos and Creation in the Backyard var det siste rockealbumet McCartney gav ut for selskapet EMI. Han signerte ein avtale med Hear Music, eigd av Starbucks, i mars 2007.[18] Han gjekk seinare attende til det gamle selskapet sitt, Capitol Records, i 2016.

Musikk og tekst

endre

McCartney sa at songen «Friends to Go» var inspirert av, og dedisert til, George Harrison.

Produksjon

endre

Då Godrich fekk spørsmål om å produsere eit album med McCartney sa han:

«Den første reaksjonen min var frykt, ikkje berre fordi han er ein særs viktig person, men fordi eg var ikkje sikker på kor villig han var til å skitne til hendene.»[19]

Dei to byrja teste ut eit samarbeid og spelte inn songane «This Never Happened Before» og «Follow Me», som var nok til å overtyde begge om at dei kunne utvikle eit album. Godrich deltok aktivt og inspirerte McCartney til å skrive songen «At the Mercy», legge piano-bandsløyfer på «How Kind of You» og arbeide med McCartney for å sakke ned tempoet på «Riding to Vanity Fair», som McCartney sa «endra stemninga fullstendig».[20]

I følgje McCartney var Godrich stundom direkte i vurderinga av songane til McCartney for albumet:

«Nigel... nekta meg å syngje songar han ikkje likte, som var veldig frekt av han.»[20]

Innspeling

endre

Innspelinga føregjekk over ein lang periode. Dei første innspelingane vart gjort i RAK Studios i London i september 2003 av McCartney og bandet hans. Etter nokre få opptak sa Godrich at han ønskte å arbeide med McCartney aleine, og ikkje involvere bandet. Etter nokre månaders pause, heldt innspelinga fram i Ocean Way Studios i Los Angeles i april 2004, med fleire innspelingar i september. Dei siste innspelingane fann stad i AIR Studios i London i april 2005.[21]

Plateomslag

endre

Omslaget til Chaos and Creation in the Backyard er frå eit fotografi av McCartney som spelar gitar i hagen til familien sin i Liverpool, teke av broren Mike McCartney (òg kjend som Mike McGear) og opphavleg kalla Paul Under Washing, før det vart kalla Our Kid Through Mum's Net Curtains.

Utgjeving

endre

Den første singelen, «Fine Line», kom ut seint i august 2005, like før sjølve Chaos and Creation in the Backyard kom ut, og nådde 20. plassen i Storbritannia. Ein annan singel, «Jenny Wren», nådde 22. plassen i Storbritannia i november.

The 'US' Tour i 2005 marknadsførte albumet i USA og Canada. Det vart òg halde ein konsert i Abbey Road Studios kalla Chaos and Creation at Abbey Road.

Albumet vart nominert til Grammyprisen for årets album. I USA nådde albumet sjetteplasen på Billboard 2000 og låg på lista i 21 veker, og selde totalt 530 000 eksemplar i USA i 2007.[22] I Storbritannia nådde albumet 10. plassen og låg berre tre veker på lista. Det selde kring 45 000 eksemplar i Storbritannia, som vart rekna som skuffande.[23] I Frankrike selde det over 100 000 eksemplar og låg på albumlista der i 21 veker.[24] EMI annonserte i mars 2006 at albumet fram til då hadde seld 1,3 millionar eksemplar verda over.[25]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Paul McCartney.

Nr.TittelLengd
1.«Fine Line»3:05
2.«How Kind of You»4:47
3.«Jenny Wren»3:47
4.«At the Mercy»2:38
5.«Friends to Go»2:43
6.«English Tea»2:12
7.«Too Much Rain»3:24
8.«A Certain Softness»2:42
9.«Riding to Vanity Fair»5:07
10.«Follow Me»2:31
11.«Promise to You Girl»3:10
12.«This Never Happened Before»3:24
13.«Anyway» (inneheld eit løynd spor, «I've Only Got Two Hands»)7:22

Spesialutgåve med DVD

endre

[26]

Medverkande

endre

Medverkande følgje plateomslaget.[27]

Musikar

Produksjon

Prisar

endre

Grammyprisen

endre
År Kandidat/verk Pris Resultat
2006
[28]
Chaos and Creation in the Backyard Årets album Nominert
Beste popalbum med vokal Nominert
«Fine Line» Beste mannlege popsong Nominert
Nigel Godrich Beste ikkje-klassisk produsent Nominert
2007
[29]
«Jenny Wren» Best mannlege popsong Vann

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (2005/06) Plassering
Australian ARIA Albums Chart[30] 33
Den austerrikske albumlista[31] 13
Den belgiske albumlista (Flandern)[32] 15
Den belgiske albumlista (Vallonia)[33] 10
Den kanadiske albumlista[34] 6
Den danske albumlista[35] 5
Dutch Mega Albums Top 100[36] 8
Den finske albumlista[37] 20
Den franske SNEP-lista[38] 3
Den tyske Media Control-lista[39] 4
Den italienske albumlista[40] 3
Den japanske Oricon-lista[41] 19
Den norske VG-lista[42] 8
Den spanske albumlista[43] 9
Den svenske albumlista[44] 3
Den sveitsiske albumlista[45] 9
UK Albums Chart[46] 10
USA Billboard 200[34] 6

Årslister

endre
Liste (2005) Plassering
Den italienske albumlista[47] 129

Salstrofé og salstal

endre
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[48] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[49] 6 x Platinum 108 900[24]
Japan 39 000[50]
Russland (NFPF)[51] Gull 10 000*
Storbritannia (BPI)[52] Gull 44 894[23]
USA (RIAA)[53] Gull 534 000[22]
Oppsummering
Verda over 1 300 000[25]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. https://www.discogs.com/Paul-McCartney-Chaos-And-Creation-In-The-Backyard/release/2104084
  2. «Chaos And Creation in the Backyard reviews». Metacritic. Henta 26. mai 2018. 
  3. «allmusic ((( Chaos and Creation in the Backyard > Overview )))». AllMusic. Henta 26. mai 2018. 
  4. Blender Magazine nr. 41, oktober 2005 s. 139
  5. «Robert Christgau: Album: Paul McCartney: Chaos and Creation in the Back Yard». Henta 26. mai 2018. 
  6. Sinclair, Tom (12. september 2005). «Chaos and Creation in the Backyard». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 26. mai 2018. 
  7. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-184195-827-9. 
  8. Petridis, Alexis (9. september 2005). «CD: Paul McCartney, Chaos and Creation in the Backyard». The Guardian (London). Henta 26. mai 2018. 
  9. Hochman, Steve (4. september 2005). «More intimate, but still cautious». Los Angeles Times. Henta 26. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard (Album Review)». musicbox-online.com. Henta 26. mai 2018. 
  11. «Paul McCartney: Chaos And Creation In The Backyard – Album Reviews». NME. Henta 26. mai 2018. 
  12. «Picks and Pans Review». People. 26. september 2005. Arkivert frå originalen 4. mai 2014. Henta 3. mai 2014. 
  13. «Paul McCartney: Chaos and Creation in the Backyard – PopMatters Music Review». PopMatters. Henta 26. mai 2018. 
  14. «Paul McCartney Chaos and Creation in the Backyard», Q, 2005. oktober s. 120.
  15. «Chaos & Creation in the Backyard : Paul McCartney : Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. januar 2013. Henta 26. mai 2018. 
  16. «Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard – Review». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 21. august 2010. Henta 26. mai 2018. 
  17. Gundersen, Edna (12. september 2005). «'Chaos': Pop without the cute». USA Today. Henta 3. mai 2014. 
  18. «Starbucks record label signs Paul McCartney». 21. mars 2007. 
  19. Simon Hilton (Director). Between Chaos and Creation. [DVD]. London: MPL Communications Ltd. 
  20. 20,0 20,1 Hilton 2005
  21. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, s. 366-391.
  22. 22,0 22,1 «Paul McCartney's new album «Memory Almost Full» will be released June 5 in North America». Billboard. Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 26. mai 2018. 
  23. 23,0 23,1 «Madonna stays at the summit of the UK charts». musicweek.com. Henta 28. november 2005. 
  24. 24,0 24,1 «Les Albums Or». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. mai 2018. Henta 22. mai 2018. 
  25. 25,0 25,1 «Undercover News: EMI Share Price Drops On Restructure Announcement». undercover.fm. 13. januar 2007. Arkivert frå originalen 16. juni 2013. Henta 21. mars 2011. 
  26. Benitez, Vincent Perez (2010). The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years. ABC-CLIO. s. 194. ISBN 0-313-34969-X. 
  27. Chaos and Creation in the Backyard (Booklet). Paul McCartney. Parlophone, EMI. 2005. 00946 337958 2 2, 337 9582. 
  28. «THE GRAMMY NOMINATIONS 2005 nominees». Los Angeles Times. 9. desember 2005. Henta 24. september 2011. 
  29. «THE GRAMMY NOMINATIONS 2006 nominees». Los Angeles Times. 8. desember 2006. Henta 24. september 2011. 
  30. «australian-charts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Australian Recording Industry Association. Henta 26. mai 2018. 
  31. «Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard – austriancharts.at». Henta 26. mai 2018. 
  32. «ultratop.be – Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Henta 26. mai 2018. 
  33. «ultratop.be – Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Henta 26. mai 2018. 
  34. 34,0 34,1 «Chaos and Creation in the Backyard – Paul McCartney». Billboard. Henta 26. mai 2018. 
  35. «danishcharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 27. mai 2018. Henta 26. mai 2018. 
  36. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». dutchcharts.nl. Henta 26. mai 2018. 
  37. «finnishcharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Henta 26. mai 2018. 
  38. «lescharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». lescharts.com. Henta 26. mai 2018. 
  39. «Album Search: Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard» (på tysk). Media Control. Henta 26. mai 2018. 
  40. «italiancharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». italiancharts.com. Henta 26. mai 2018. 
  41. ポール・マッカートニー-リリース-ORICON STYLE-ミュージック «Highest position and charting weeks of Chaos and Creation in the Backyard by Paul McCartney» Check |url= value (hjelp) (på japansk). oricon.co.jp. Henta 26. mai 2018. 
  42. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Henta 26. mai 2018. 
  43. «spanishcharts.com – Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Henta 26. mai 2018. 
  44. «swedishcharts.com Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». Sverigetopplistan. Henta 26. mai 2018. 
  45. «Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard – hitparade.ch». Henta 26. mai 2018. 
  46. «Chart Stats Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard». The Official Charts Company. Henta 2. februar 2010. 
  47. «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 2005» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 25. januar 2012. 
  48. «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Chaos and Creation in the Back Yard». Music Canada. 
  49. «French album salstrofé – Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  50. «– Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – The Beatles» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå a-ビートルズ originalen Check |url= value (hjelp) 14. februar 2012. Henta 5. desember 2009. 
  51. «Russian album salstrofé – Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard» (på russisk). National Federation of Phonogram Producers (NFPF). 
  52. «British album salstrofé – Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard». British Phonographic Industry.  Enter Chaos and Creation in the Backyard in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  53. «American album salstrofé – Paul McCartney – Chaos and Creation in the Backyard». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff

endre