Twinings (/ˈtwaɪnɪŋz/) er eit britisk selskap som hovudsakleg har spesialisert seg innanfor sal av te. Merket er ått av Associated British Foods,[1] og er basert i Andover i Hampshire. Selskapet har ei lang soge, med den eldste kontinuerleg brukte selskapslogoen i Storbritannia, som ein av dei lengst skattebetalande i London, og operert med det same lokale på The Strand i London sidan 1706.[2][3] Twinings opererer med ulike tesortar: svart te, grøn te og urtete, saman med ulike fruktsmakar.

Twinings


BransjeNæringsmiddelindustri
Skipa1706
HovudkontorAndover i Hampshire
LandStorbritannia
Produktte
Nettstadhttps://www.twinings.co.uk/
Ulike tesortar av Twinings.
Foto: Lexane Sirac

Twinings vart grunnlagd av Thomas Twining frå Painswick i Gloucestershire i England. Han opna den fyrste kjende testova i Storbritannia, ved No. 216 på The Strand i London sidan 1706; som framleis opererer i dag.[3][4][5] Logoen til selskapet, laga i 1787, er den lengst kontinuerleg brukte logoen i Storbritannia.[3][6]

Selskapet er tildelt ein «Royal Warrant» — som inneber at det britiske våpenskjoldet får pryda på emballasjen, eit symbol på at den britiske kongefamilien jamleg brukar dette produktet.[7][8] Twinings vart kjøpt av Associated British Foods i 1964.[9] Selskapet vert mykje assosiert med Earl Grey te, ein te infusert med bergamott.

Twinings flytta mesteparten av produksjonen sin til Kina og Polen i slutten av 2011, medan dei heldt fram med fabrikken i Andover i Hampshire med redusert arbeidskraft.[8]

I 2023 stansa Twinings produksjonen av lapsang souchong, og erstatta det med eit produkt ved namnet «Distinctively Smoky», som er sett på å vera av dålegare kvalitet.[10][11][12]

Kjelder

endre
  1. «A-Z finder: Explore our list of business and consumer brands.». Associated British Foods plc. Henta 16. desember 2023. 
  2. Winn, Christopher (2007). I Never Knew That About London. Ebury Press. ISBN 978-0-09-191857-6. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «The History of Tea and Twinings», Twinings (på engelsk), henta 16. desember 2023 
  4. «Twinings Flagship Store 216 Strand», Twinings (på engelsk), henta 16. desember 2023 
  5. Phillips-Evans, James (2012) The Longcrofts: 500 Years of a British Family, Amazon, pp. 244–245
  6. Standage, Tom (2005). A history of the world in six glasses. New York: Walker. s. 202. 
  7. «R. Twining and Company Limited | Royal Warrant Holders Association», www.royalwarrant.org, henta 16. desember 2023 
  8. 8,0 8,1 «Twinings to leave Britain for Poland». The Telegraph. September 6, 2010. Henta 10. oktober 2019. 
  9. Hall, Nick (June 2, 2000). The Tea Industry. Woodhead Publishing Ltd. s. 58. ISBN 9781845699222. Henta 10. oktober 2019. 
  10. Barton, Alex (26 April 2023). «Where to get your Lapsang (now Twinings has ruined theirs)». The Spectator. Henta 7 December 2023. 
  11. «Tea fans splutter as Churchill favourite cuppa replaced with ‘stale cigarettes’ blend». The Independent (på engelsk). 24 April 2023. Henta 7 December 2023. 
  12. Murphy, Michael (23 April 2023). «‘Like stale cigarettes’ – tea lovers in uproar at lapsang souchong alternative». The Telegraph. Henta 7 December 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Twinings