Tyko
mannsnamn
(Omdirigert frå Tycho)
Tyko (også skrive Tycko, Tycho o.l.) er eit mannsnamn brukt i Skandinavia. Opphavet til namnet er nokså uklar, men truleg er det ei latinisering av mellomaldernamnet Tyke (den danska og sørsvenske forma var Tyge), i sin tur ei sideform av namnet Toke ('tok'), som var eit vanleg vikingnamn. Ei anna forklaring er at det skal koma frå gresk ty'che - 'lukke', eller at det skal vera ei kortform av Torkel (formene tykir eller tyki).
Tyko har svensk namnedag den 29. april (sidan 1774. 1993-2000 låg namnedagen på 28. april).
Kjende namneberarar Tyko/Tycho/Tyge
endre- Tyge Asmundsen, superintendent i Lunds stift 1560–1577
- Tycho Bergvall, regissør, gift med Marianne Löfgren
- Tycho Brahe, dansk astronom
- Thyge Axelsen Brahe, dansk riksråd
- Tycho Hedén, sodialdemokratisk politikar i Uppsala
- Tycho de Hofman, dansk embetsmann og forfattar
- Tyge Krabbe, dansk adelsmann og riksråd
- Tycho Norlindh, professor i botanikk
- Tyko Reinikka, finsk politiker under andre verdskrigen
- Tyko Sallinen, finsk kunstnar
- Tycho Tullberg, professor i zoologi
- Tyko Vylka (1886–1960), nenetsisk målar
- musikaren Tycho (1976/1977–), amerikansk musikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tyko» frå Wikipedia på svensk, den 29. april 2020.