Tyfjorden

fjord i Gamvik i Finnmark

Tyfjorden (samisk Dáigevuotna) er ein fjordarm av Tanafjorden på austsida av Nordkinnhalvøya i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km vestover til Tyfjord i botn av fjorden.

Tyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Gamvik
Kart
Tyfjorden
70°53′07″N 28°23′39″E / 70.885187°N 28.394165°E / 70.885187; 28.394165

Fjorden har innløp mellom Hanstyske i nord og Tyfjordneset i sør. Tyfjord er ein gammal busetnadsplass ved fjorden. Det er ingen andre busetnader her.

70°53′6.6732″N 28°23′38.994″E / 70.885187000°N 28.39416500°E / 70.885187000; 28.39416500