Tyggegummipop (engelsk Bubblegum pop), stundom kalla plastpop eller trashdisco, er ein musikkstil som består av ei samansetning av kommersiell pop, eurodance, schlager eller disco. Omgrepet vert vanlegvis nytta av media i nedlatande form mot artistar som vert rekna å vere for kommersielle. Elles vert omgrepet lite nytta, og kva grupper og artistar som skal medreknast til denne sjangeren er vanlegvis ei subjektiv vurdering.

Den klassiske tyggegummipop-perioden varte frå 1967 til 1972.[1] Ein ny bølgje starta nokre år seinare då disco tok over og punkrocken oppstod.

I 1990-åra endre

Bubblegum vert òg nytta som omgrep på ein musikkstil som har utspringet sitt frå eurodance i 1990-åra. Musikkstilane har mange likskapar med til dømes synthpop i eit tempo mellom 95 og 150 bpm og kvinneleg song med seksjonar av mannleg rap. Skilnaden frå eurodance er at bubblegum har litt meir fengande melodiar, i tillegg til at tekstene og videoane ofte er laga for å vere humoristiske eller retta mot barn.

Musikken var mest populær i åra 19952000 og vart hovudsakleg produsert i Sverige, Danmark og Italia. Bubblegum vart laga av produsentar og låtskrivarar som sette saman grupper som framførte låtane. Den største produsenten innan sjangeren er Johnny Jam & Delgado, berre det italienske selskapet SAIFAM har laga fleire produksjonar. Nokre av dei mest kjende bubblegumprosjekta er Aqua, Daze, Dr Bombay, Hit’n’Hide, Toy-Box, Captain Hook, Barbie Young og Zippers.

Kjelder endre

  1. Cooper, Kim; Smay, David, eds., red. (2001). Bubblegum Music is the Naked Truth: The Dark History of Prepubescent Pop, From the Banana Splits to Britney Spears. Feral House. s. 1. ISBN 0-922915-69-5. «Defining bubblegum is a tricky proposition as the term variously describes: 1. the classic bubblegum era from 1967-1972; 2. disposable pop music; 3. pop music contrived and marketed to appeal to pre-teens; 4. pop music produced in an assembly-line process, driven by producers and using faceless singers; 5. pop music with that intangible, upbeat 'bubblegum' sound.» 

Bakgrunnsstoff endre