Ein tyngdeanomali eller gravitetsanomali er skilnaden mellom den observerte verdien av tyngdekrafta ved eit punkt på jorda og den teoretiske utrekna verdien.

Måling av tyngdeanomaliar vert nytta i geofysiske undersøkingar, som til dømes forundersøkingar ved leitinga etter petroleum. Negative tyngdeanomaliar viser at det må vere lette massar (til dømes tjukke sedimentlag) i undergrunnen, medan positive tyngdeanomaliar viser at det må vere tunge bergarter der (til dømes gabbro eller peridotitt).

Astronomi endre

Området i verdsrommet med høgare massetettleik enn venta vil skape ein tyngdeanomali. Observasjonar av tyngdeanomaliar på galaktisk og intergalaktisk skalaer, har ført til teorien om at mørkt stoff finst der.

Kjelder endre