Tyrkarar i snever forstand er eit tyrkisktalande folkeslag som hovudsakleg lever i Tyrkia. I vidare forstand kan det visa til tyrkiske folk, ei rekkje folkegrupper som snakkar tyrkiske språk og har røter til eit nomadefolk som på herska over området frå Mongolia til Svartehavet på 500-talet.[1] Det finst minoritetar av etniske tyrkarar i område som tidlegare høyrde til Det osmanske riket. I nyare tid er det også blitt danna ein diaspora av utvandra tyrkarar, særleg i Vest-Europa.

Kjelder

endre
  1. «Tyrkere», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 5. januar 2017 

  Denne samfunnsartikkelen som har med Tyrkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.