Tyssøyna

(Omdirigert frå Tyssøy)

Tyssøyna er ei øy i Øygarden kommune i Vestland. Øya har eit areal på om lag 0,9 kvadratkilometer. Det er rundt 70 fastbuande. Tyssøya har brusamband over til Bjorøyna. Frå Bjorøyna er det samband til fastlandet i Bergen kommune gjennom den undersjøiske tunnelen Bjorøytunnelen.

Tyssøyna
Geografi
Stad Raunefjorden
Koordinatar 60°17′36″N 05°09′26″E / 60.29333°N 5.15722°E / 60.29333; 5.15722

Areal 0,9 km²

Høgaste punkt Varden (80 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 105 (2023)

Kyrkjesteinane Tyssøyna
Foto: Nils-Arne Ekerhovd
Tyssøykruna
Foto: Nils-Arne Ekerhovd
Offersteinen Tyssøyna
Foto: Nils-Arne Ekerhovd

Namnet Tyssøyna kjem frå den norrøne guden Ty. I gamal tid vart det truleg halde religiøse handlingar til ære for guden Ty på øya. På øya ligg ein stein som vert kalla Offersteinen. Nord på øya er det ei fjellflate med ei mengde små groper. Før i tida la folk små kuler av smør eller talg i desse gropene.[1][2]

«Tyssøykruna» er hogd inn i ein fjellvegg på Tyssøyna og er eit freda kulturminne. Tidfestinga av kruna er usikker[3], men har truleg samanheng med uttak av kleberstein på 1300-talet[4]. I mellomalderen vart det bygdt eit kongeleg kapell på øya. Øya vart ein periode også kalla St. Olavs øy. Sankt Ludvigs kapell er borte, men skal ha stått ved staden kalla «Kyrkjesteinane».[5] Mykje tyder på at Tyssøy var kultstad både før og etter truskiftet.

Folketalsutvikling:

1900[6] 2000[7] 2023[7]
60 30 105

Fotnotar endre

  1. Liland, Sigurd. Grøningjsund. Eit burtkome namn i Hordaland. Frå Fjon til Fusa 1957, s. 143.
  2. Skogseth og Fyllingsnes 2016, s. 12.
  3. Mandt, Gro. 2009. En krone til besvær. «Tyssøykruna» og annet krot i berg og bygg, i Viking - tidsskrift for norrøn arkeologi, side 17-38.
  4. Randers, Kjersti. 1981. Høybøen – en ødegård på Sotra. En undersøkelse av bruksperioder og erverv basert på bosetningsspor fra eldre jernalder og middelalder. Upublisert magisteravhandling i arkeologi, Universitetet i Bergen.
  5. Ekerhovd, Nils-Arne. Sancti Ludovici in Tussisoy: Eit kongeleg kapell på Tyssøyna. Havstrilen (Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden) 2015 (15) s. 6-13.
  6. Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
  7. 7,0 7,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Kjelder endre