Koordinatar: 60°7′2″N 6°33′43″E

Tyssedal kyrkje står i industristaden Tyssedal på austsida av Sørfjorden i Odda kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1965. Kyrkja er ei såkalla naustkyrkje og er teikna av arkitekt Axel Fronth.

Tyssedal kyrkje
kyrkje
Tyssedal kirke vinteren 2009.JPG
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Tyssedal
Fellesråd Odda
Stad Tyssedal 
Type Langkyrkje
Arkitekt Axel Fronth
Material Betong
Innvigd 4. april 1965[1]
Klokker To stykke, frå Olsen Nauen Klokkestøperi
Kyrkjegard På Berjaflot i Odda
Døypefont I granitt
Sitjeplassar 250

Tyssedal kyrkje
60°7′2″ N 6°33′43″ E
Wikimedia Commons: Tyssedal kirke
Tyssedal kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Tyssedal kyrkje

Kyrkja har eit høgt og spist saltak. I hovudhøgda er det attåt kyrkjeromet sakristi og møterom I kjellaren er det mellom anna garderobar, kjøken og møterom. Veggene er bygde i armert betong.

Kyrkja er soknekyrkje i Tyssedal sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja i Tyssedal, sokna folk i området til Odda kyrkje.

InventarEndra

Det er ikkje noko altartavlealtaret, men på veggen bak heng ein biletvevnad laga av Grethe Lein Lange.[1]Altarringen har form av tre sider av eit kvadrat. Altarpodiet har fiolett golvteppe, medan golvet rundet har skiferheller. Døypefonten er laga i granitt. Preikestolen er laga delvis i formpressa limtre. Benkene i kyrkja er lause trebenker utan vangar.[1]

GravstadEndra

Det er ikkje gravstad ved kyrkja. I staden vert kyrkjegarden på Berjaflot i Odda nytta.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Tyssedal kyrkje» på nettstaden til Norsk Institutt for kulturminneforskning».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)

BakgrunnsstoffEndra