Hardanger og Voss prosti

Koordinatar: 60°37′43″N 6°24′58″E

Hardanger og Voss prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Eidfjord, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss. Prosten har sete på Vossavangen.

Vangskyrkja vart bygd i 1270-åra.
Kinsarvik kyrkje vart bygd kring 1150–60 og er den eldste kyrkja i prostiet.
Foto: Roar Johansen
Norheimsund kyrkje er den nyaste kyrkja i prostiet. Ho vart innvigd i 1992.
Røldal stavkyrkje er einaste bevarde stavkyrkja i Hordaland. Ho er frå kring 1250 og står i Røldal lengst sør i prostiet. Soknet høyrde lenge under Ryfylke-prosten og Stavanger-bispen.
Foto: Roar Johansen

Fusa og Samnanger vart overført til prostiet i 2014, etter at Midhordland prosti vart lagt ned.[1]

Prostiet er inndelt sokn og soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

SoknEndra

Prostiet har 23 sokn (2014).

PrestegjeldEndra

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda:

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra