Tzoran-Kadima
Tzoran-Kadima (hebraisk skrift צוֹרָן-קָדִימָה), òg kalla Kadima-Tzoran, er ein lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han vart danna i 2003 då Tzoran og Kadima vart slått saman til éin kommune.
Tzoran-Kadima | |||
lokal kommune | |||
|
|||
Namneopphav: Silisium-Framover | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°16′40″N 34°54′55″E / 32.27778°N 34.91528°E | ||
Areal | 10,372 km² | ||
Folketal | 16 800 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 1 620 / km² | ||
Grunnlagd | 2003 (samanslåing) | ||
• Bystatus | 2003 | ||
Borgarmeister | Shavit Mass | ||
Tzoran-Kadima 32°16′40″N 34°54′55″E / 32.277777777778°N 34.915277777778°E | |||
Kart som viser Tzoran-Kadima.
| |||
Wikimedia Commons: Tzoran-Kadima |
Folketalet i Tzoran-Kadima var i desember 2009 16 800,[1] opp frå 15 700 i slutten av 2004. Dei fleste av innbyggjarane er jødar.
I Tzoran-Kadima ligg museet «Ta'am Shel Pa'am» ('Ein smak av det gamle') som fortel historia til busetnaden.
Historie
endreKadima
endreKadima vart grunnlagd den 5. juli 1933 som eit jordbrukssamfunn etter initiativ frå Yehoshua Hankin. Dei fleste nybyggjarane var tyske immigrantar.[2] Kadima vart erklært ein lokal kommune i 1950, og slått saman med Tzoran i 2003.
Kadima tyder «framover» på hebraisk, og kjem frå eit bibelvers (Habakkuk 1:9).[2]
Tzoran
endreTzoran, som tyder silisium, vart grunnlagd i 1992 og planlagt av arkitekten Rachel Walden. Busetjinga vart kalla opp etter ein hashmoneisk by som hadde lege i området. Han vart først busett i 1994 og erklærte ein lokal kommune i 1997, fram til han vart slått saman med Kadima i 2003.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tzoran-Kadima» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 30. mai 2011.
- ↑ 2,0 2,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 829. ISBN 965-448-413-7.