United States Air Force
United States Air Force (forkorta USAF) er luftforsvaret til USA. Det har som oppdrag «å fly, kjempe og vinne i lufta, verdsrommet og cyberspace» («fly, fight, and win ... in air, space, and cyberspace»).[3] USAF vart oppretta som eigen våpengrein i 1947 då det vart utskild frå den amerikanske hæren.
United States Air Force | |||
| |||
| |||
Skipa | 18. september 1947 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | The Pentagon[1] | ||
Land | USA[2] | ||
Tenester | Casa C-212 Aviocar, Lockheed Martin C-130 Hercules, McDonnell Douglas F-15 Eagle, Lockheed Martin F-35 Lightning II, Boeing KC-135 Stratotanker, Lockheed U-2, Northrop T-38 Talon, McDonnell Douglas DC-9 | ||
Grunnleggjar(ar) | Kongressen i USA | ||
Nettstad | https://www.af.mil |
USAF har (per september 2010) 332 200 mann i aktiv teneste og 216 774 i reserveteneste.[4] USAF har rundt 5 200 operasjonelle fly, inkludert bombefly, transportfly, bakkeangrepsfly og treningsfly. Det har òg mange helikopter for oppdrag som taktisk transport, redning og spesialoperasjonar.
Organisering
endreUSAF er ei våpengrein under Flyvåpendepartementet i det amerikanske forsvarsdepartementet. Administrativt blir USAF styrt av ein stabssjef, ein firestjerners general som er den øvste offiseren til flyvåpenet. Stabssjefen er underlagt Flyvåpenministeren, ein sivil embetsmann som styrer Flyvåpendepartementet og som igjen rapporterer til Forsvarsministeren.
Operativt er USAF organisert i 9 hovudkommandoar beståande av nummererte flyvåpen, som igjen består av to eller fleire luftdivisjonar. Kvar luftdivisjon består av to eller fleire vengjer, som igjen består av grupper, som vidare består av skvadronar. USAF sine operasjonelle ressursar blir forvalta av ni felleskommandoar som operativt rapporterer direkte til presidenten i USA. Dei operative avdelingane er organisert i 18 luftstyrkar. Fire av desse luftstyrkane er underlagt Luftkampkommandoen.
Utstyr
endreUS Air Force har over 5 200 ulike luftfartøy per september 2010: [4]
|
|
|
Historie i stikkord
endre- 1947-91 Bidrog til å oppretthalde terrorbalansen med atomvåpenutstyrte bombefly og seinare ballistiske missil under den kalde krigen
- 1948-49 Operation Vittles, luftbrua til Vestberlin.
- 1950-53 Støtta SNs bakkestyrkar i Koreakrigen.
- 1964-73 Vietnamkrigen.
- 1973 Operasjon Nickel Grass, ei luftbru med våpen til Israel under Oktoberkrigen.
- 1979 Operasjon Eagle Claw, ein mislukka redningsaksjon av amerikanske gislar i Iran.
- 1986 Operasjon El Dorado Canyon, bombing av Libya.
- 1990-91 Operasjon Desert Shield, vern av Saudi-Arabia mot Irak.
- 1991 Operasjon Desert Storm mot Irak.
- 1991-96 Operasjon Provide Comfort, overvaking av flyforbodssonen nord for 36°N i Irak.
- 1991-2003 Operasjon Southern Watch, overvaking av flyforbodssonen sør for 33°N i Irak.
- 1993-95 Operasjon Deny Flight, overvaking av flyforbodssonen over Bosnia-Hercegovina.
- 1995 Operasjon Deliberate Force, bombetokt i Bosnia-Hercegovina.
- 1996 Operasjon Desert Strike, bombetokt i Irak.
- 1997-2003 Operasjon Northern Watch, overvaking av flyforbodssonen nord for 36°N i Irak.
- 1998 Operasjon Desert Fox, bombetokt i Irak.
- 1999 Operasjon Allied Force, bombetokt i Jugoslavia, som ein del av Kosovokrigen.
- 2001-i dag Operasjon Enduring Freedom, bombetokt i Afghanistan.
- 2003-04 Operasjon Iraqi Freedom, invasjon av Irak.
- 2011 Operasjon Odyssey Dawn, overvaking av flyforbodssonen over Libya.
Kjelder
endre- ↑ https://www.usa.gov/federal-agencies/u-s-air-force; USA.gov; vitjingsdato: 22. oktober 2021.
- ↑ Global Research Identifier Database (på engelsk), GRID-identifikator grid.453002.0, Wikidata Q27768150, henta 29. september 2020
- ↑ The Official Web site of the United States Air Force
- ↑ 4,0 4,1 Air Force Almanac
- Denne artikkelen bygger på «United States Air Force» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2013.