USF på Verftet er eit kultur- og scenehus på Georgernes Verft i Bergen, attmed Puddefjorden på vestsida av Nordnes. Her ligg scenene Sardinen USF, Studio USF og Røkeriet USF, kinosalen Cinemateket USF for filmframsyning, kunstgalleriet Visningsrommet USF med skiftande utstillingar og kunstprosjekt, og Kippers Bar og Kafé. I huset er det òg fleire atelier, arbeidsrom, lokale og kontor for kunstnarar og kulturverksemder av mange ulike slag.

USF, hovudinngangen med kafeen til høgre og Visningsrommet USF til venstre
USF

Huset er ein ombygd hermetikkfabrikk, United Sardine Factories Ltd. (USF), som vart skipa i 1910, og er i dag eigd av Norwegian Preserving AS, som leiger ut lokala i huset til kulturverksemder. Ei stifting, Stiftelsen Kulturhuset USF, er ansvarleg for drifta av alle scenene, Visningsrommet USF og gjestekunstnarordninga AiR Bergen (Artist in Residence at USF Bergen) og Bergen Designinkubator (eit prosjektet i regi av Bergen kommune, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen og USF for å synleggjere designkompetansen og hjelpe nyutdanna studentar med å etablere eigen verksemd og komme i kontakt med næringslivet i kommunen). Alle verksemdene i USF-huset er elles frittståande og ikkje direkte knytt til administrasjonen for Stiftelsen Kulturhuset USF.

Utsjånaden på huset er i dag omlag slik det var som hermetikkfabrikk etter ombygging i 1914-15, med unntak av at to sjøbuer på arealet er rivne. 

Hermetikkfabrikken vart avvikla i 1983, og dei fyrste kunstnarane flytta inn i ateliera tidleg på åttitalet. I åra deretter vart huset utvikla til å verte eit allsidig senter for kunst og kultur, og opna i 1993 som kultur- og scenehus.

BakgrunnsstoffEndra