USS «Hornet» (CV-12)

USS «Hornet» (CV/CVA/CVS-12) er eit amerikansk hangarskip av Essex-klassa. Konstruksjonen byrja i august 1942 og skipet skulle eigentleg bere namnet USS «Kearsarge», men då USS «Hornet» (CV-8) vart senka etter eit japansk angrep i oktober 1942, vart det nye skipet kalla opp etter dette istaden.

USS «Hornet» fotografert i august 1968.
Astronautane frå Apollo 11 pratar med president Richard M. Nixon, medan dei er i karantine om bord USS «Hornet».

USS «Hornet» vart sjøsett den 30. august 1943 og sett i teneste 29. november 1943. Etter tre månader med trening, slutta USS «Hornet» seg til dei amerikanske styrkane i Stillehavet, der skipet spela ei stor rolle i kamphandlingane under andre verdskrigen og Vietnamkrigen. I fredstid tok USS «Hornet» del i Apollo-programmet, der skipet brakte om bord materiell og astronautar frå den ubemanna AS-202 og dei bemanna romferdene Apollo 11 og Apollo 12.

Den 26. juni 1970 vart USS «Hornet» tatt ut av aktiv teneste og stroke frå Naval Vessel Register i juli 1989. I 1991 vart skipet erklert som eit nasjonalhistorisk landemerke og i 1998 vart skipet eit museumsskip, opent for publikum.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: USS «Hornet» (CV-12)