Ubehaget i kulturen

Ubehaget i kulturen (tysk Das Unbehagen in der Kultur) er ei kulturfilosofisk avhandling av Sigmund Freud, skriven i 1930 (norsk omsetjing 1966). Den grunnleggjande påstanden i verket er at kampen mellom individ og samfunn ikkje har noko tilfredsstillande løysing og at denne konflikten aldri vil ta slutt. Samfunnet tvingar mennesket til å undertrykkje mange naturlege drifter, og det er dette nevrotiske og psykotiske personar ikkje klarar. Eros og livsdrifta er drivkrafta bak opprettinga av den kulturelle fellesskapen, men får motstand frå aggresjonen, som er kulturens motstandar. Dei aggressive instinkta til mennesket er avleidd av dødsintinkta, Thanatos, og kulturen er ein kamp mellom Eros og Thanatos, mellom kjærleiken og døden. Det er difor ikkje berre den libidiøse drifta som må undertrykkjast, men også aggresjonen.

Ubehaget i kulturen
Das Unbehagen in der Kultur
Freud Unbehagen Kultur 1930.jpg
Tittelblad frå ei tysk 1930-utgåve av Ubehaget i kulturen
Forfattar(ar)Sigmund Freud
Språktysk
Sjangeressay
Utgjeven1930
ForlagAlianza Editorial

Boka er skriven i kjølvatnet av den første verdskrigen, og det er med dette som bakgrunn at Freud freistar å drøfte moglegheita for to jamstilte grunndrifter i mennesket,- seksualdrifta og dødsdrifta.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Trond Berg Eriksen; Håkon Harket; Eivind Tjønneland, red. (2009). «Etterord». Ubehaget i kulturen (4 utg.). Cappelen. s. 101-102.