Uftiuga ved Nordre Dvina
Uftiuga er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Nordre Dvina. Ho har ei lengd på 236 km og eit nedslagsfelt på 6 300 km². Elva frys til siste halvdel av oktober eller november og er isdekt til slutten av april eller byrjinga av mai. Elva vart nytta til transport av tømmer i sovjettida.
Uftiuga | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 300 km² | ||
Lengd | 236 km | ||
Middelvassføring | 37,5 m³/s | ||
Munning | Nordre Dvina | ||
Uftiuga ved Nordre Dvina 62°13′16″N 48°04′17″E / 62.221111111111°N 48.071388888889°E |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Уфтюга (река, приток Северной Двины)» frå Wikipedia på russisk, den 22. september 2008.