Ulekjørkja

tidl. stavkyrkje i Sør-Aurdal

60°49′19.82″N 9°34′9.58″E / 60.8221722°N 9.5693278°E / 60.8221722; 9.5693278

Portal frå Ulekjørka, no ved Nationalmuseet i København
Minnestein og kross på den gamle kyrkjestaden
Foto: Jan-Tore Egge

Ulekjørka (Ule-kyrkja), også kjent som Bagn stavkyrkje, var ei stavkyrkje med heva midtrom (mastestavkyrkje) som stod i bygda Østre Bagn i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Ho er ei av dei mange hundre tapte stavkyrkjene her i landet. Restar av ein portal er tekne vare på, og er no på Nationalmuseet i København.[1]

I eit diplom frå 1375 blir «Bagns kirkiu sookn a Waldræs» omtala.[2] Elles er lite kjent om kyrkja utover nokre sporadiske skriftlege kjelder. Det er heller ikkje kjent når kyrkja vart riven. Ifølgje Bagn kirkes historie (1968) var det truleg rundt 1700, men eit kapell som kan ha vore denne kyrkja blir omtala så seint som i 1796.[3]

Kyrkjestaden endre

Delar av kyrkjegardsmuren skal ha eksistert rundt 1840, men det vart pløyd i området rundt 1860, og det finst ingen synlege rester etter tufta i dag. Det er satt opp ein minnestein og ein enkel trekross på staden, og det går ein merkt sti inn til området frå fylkesveg 219.

Kjelder endre

  1. Portalen er i København, Hauglid Norges stavkirker, E.B. Hohler, Norwegian Stave Church Sculpture, Vol. I-II, s. 231
  2. L. Hess Bing, Beskrivelse over Kongeriget Norge, Kbh. 1796
  3. Sigrid Christie, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff. Ule, forsvunnet kirke i Norges kirker utgitt av NIKU og KA
  • Ulekjørkja i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren