Ulf Andersson (fødd 27. juni 1951) i Västerås er ein svensk stormeister i sjakk. Han vann den svenske meisterskapen i sjakk i 1969. Han blei internasjonal meister i sjakk (IM) i 1970 og stormeister i 1972. Han blei også stormeister i fjernsjakk i 1996.

Ulf Andersson

Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. juni 1951 (73 år)
Västerås
Yrke sjakkspelar
Ulf Andersson på Commons

Ulf Andersson blir rekna som den beste sjakkspelaren Sveriges har hatt gjennom tidene. I 1983 var han rangert som nummer 4 i verda med ein rating på 2640.[1] Den høgaste ratingen hans var 2641 i oktober 2000.

Andersson er kjend som ein solid spelar som ofte spelar remis og sjeldan taper. I 1980- og 90-åra var han ein av toppspelarane med høgast remisprosent. Han spelar helst posisjonelt, og vinn ofte partia i sluttspelet etter mange timar med tolmodig spel.

Fotnotar

endre
  1. All time rankings, arkivert frå originalen 26. november 2009, henta 30. august 2011 

Bakgrunnsstoff

endre