Ullensaker/Kisa Idrettslag
Ullensaker/Kisa Idrettslag, ofte forkorta Ull/Kisa, er eit idrettslag som driv med fotball, handball, friidrett og innebandy. Idrettslaget held til på Jessheim i Ullensaker kommune, og vart grunnlagd 16. desember 1894.
Fullt namn | Ullensaker/Kisa Idrettslag | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Ull-Kisa, Kisa | ||
Grunnlagd | 16. desember 1894 | ||
Heimebane | UKI Arena | ||
Styreleiar | Ole Kristian Wiig[1] | ||
Hovudtrenar | Roar Johansen | ||
Liga | 2. divisjon fotball for menn, 3. divisjon fotball for kvinner, 3. divisjon håndball for kvinner, 3. divisjon håndball for menn | ||
| |||
![]() |
Fotballaget til Ullensaker/Kisa spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn, 3. divisjon fotball for kvinner, 3. divisjon håndball for kvinner, 3. divisjon håndball for menn. Noverande hovudtrenar er Roar Johansen.
A-laget til Ull/Kisa spelar med gul overtrøye og grøn shorts med gule strømper. Dei har lenge hatt som mål om å rykke opp i Adeccoligaen. Klubben har gode lag i aldersbestemte klassar og gjer eit godt arbeid med unge, lovande fotballspelarar.
Historie Endra
Ullensaker Skiklubb vart stifta 16. desember 1894, men ein fotballklubb såg ikkje dagens lys før 13 år seinare, i 1907. Denne vart etter kvart nedlagt, men fekk ein arvtakar i 1916. I 1921 vart Ski- og fotballklubbane ein del av den nye samanslåinga Jessheim Turn & IF, som same år kjøpte området der dagens idrettspark ligg. Sju år seinare, i 1928, vart namnet endra til Ullensaker IL, og i 1945 til Ullensaker AIL. Kisa IF var stifta i 1923 og bygde bane på Holmsletta ved Gystad i 1932. Klubbane slo seg saman i 1947, og i 1951 vart det lagt gras på Jessheim Stadion. 1 august 2011 opna Ull/Kisa sitt nye stadion på Gystadmarka, aust for Jessheim sentrum.
28. mai 2009 stod Ull/Kisa for årets cupbombe då dei i 2. runde slo Sandefjord Fotball 1-0. Målet vart scora av Mats Jarnbjo etter 61. minutt, på eitt langskot. I 3. runde vart Vålerenga Fotball for sterke, og Ull/Kisa tapte til slutt 3-5 på Ullevaal Stadion. Eirik Soltvedt scora alle måla for Ull/Kisa.
Spelarstall Endra
Oppdatert 1. juli 2020[2]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder Endra
- ↑ «Styret». Ull/Kisa IL. Henta 19. august 2018.
- ↑ A-laget spillere
- Denne artikkelen bygger på «Ullensaker/Kisa Idrettslag» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2013.