Ullensaker museum

Ullensaker museum ligg på Gardermoen i Ullensaker kommune og er ei avdeling av Akershusmuseet. Ullensaker museum har tilhald attmed ein av dei eldste ekserserplassane i Noreg, Lilleplassen, som skriv seg frå 1740. Til saman har det vore 250 år med militær aktivitet på Gardermoen, som utbygginga av hovudflyplassen, Oslo Lufthamn, markerte avslutninga av. Området spelar difor ei sentral rolle i norsk militærsoga, og dei bygningane på museet som er teke vare på frå den gamle militærleiren avspegler dette.

Furua er eit av husa på Ullensaker museum.

Ullensaker bygdesamling inngår i museumssamlingane, og museet har som eit av sine mål å byggje opp eit dokumentasjonssenter for lokalhistoria. Soga om utviklinga av hovudflyplassen er eit anna av dei områda museet skal take for seg.

Museet tek del i organisasjonen Gardermoen Kulturpark, som er ein paraplyorganisasjon der Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet (Forsvarets flysamling), SAS-museet, og Tunet IS òg er med. Ullensaker museum har koordinator-ansvaret for Gardermoen Kulturpark. På Tunet, Gardermoen, står dei åtte verneverdige bygningane som er flytt hit frå den tidligare Sør-Gardermoen militærleir og sett opp att i hesteskoform. Forvaltning og drift av bygningane er det Tunet IS (interkommunalt samarbeid) som har ansvaret for. Eit– Tunet-styre er skipa, og Ullensaker kommune, Akershus fylkeskommune og Akershusmuseet er representert i det.

Bygningane endre

Tunet har dei verneverdige bygningane Kornmaga­sinet, Depot 148, Telthuset, Østerrikegata 13, Ballonghuset, Rawindhuset, Posthuset og Furua, og museet vart opna i desse lokala i juni 2005. Furua og Østerrikegata 13, som er to av dei ikkje-militære bygningane på Ullensaker museum, dokumenterer den sivile aktiviteten som grodde fram i området ikring militærleiren.

  • Kornmagasinet vart bygd som kornmagasin for Jessheim i 1814, i kjølvatnet av Napoleonskrigane. Magasinet vart kjøpt av staten i 1862 og flytt til Gardermoen militærleir. Seinare vart ein stor bygning som Staten kjøpte i Kongsberg flytt hit som ei utviding av kornmagasinet, som vart nytta som lager og magasin for forsvaret. Ullensaker museum nyttar bygningen til utleige og arrangement.
  • Depot 148 er ein lager-/magasinbygning i tre høgder frå intendanturleiren. Huset vert disponert av Ullensaker museum til museumsføremål.
  • Telthuset er frå 1740, og det eldste huset frå Gardermoen militærleir. Truleg har det alltid fungert som lager. I militær terminologi etter krigen er telthus nemninga for lagring av materiell og utstyr for mobiliseringshæren.
  • Østerrikegata 13 er eit bustadhus frå slutten av 1800-talet av ein lokal kjøpmann som leigde ut tre husvære til folk som hadde arbeidet sitt i militærleiren. Frå 1850-åra grodde det frem eit bustadområde rett utanfor militærleiren som vart kalla «Østerrike». Her låg «Østerrikegata» og «Bakafor», så Østerrikegata 13 er eit hus med gateadresse herfrå. Halvparten av huset er restaurert og vert leigd ut til kontorlokale, med møterom i andre høgda.
  • Ballonghuset og Rawindhuset vart nytta i samband med observasjonar og målingar av været, og hyser no utstillingar om dei funksjonane husa hadde.
  • Posthuset er 69 meter langt og i ei høgd, – ein typisk bygning for militærleiren, nytta til mange ulike føremål opp gjennom åra. Den eldste delen er frå 1868 og var opphavleg truleg ein soldatforlegging. Det var nytta som posthus frå 1940-åra og frem til det vart flytt i 1997. Huset vert no leigd ut til kontor.
  • Furua er eit lite hus som tilhøyrde romanimiljøet på Gardermoen. Det vart bygd på slutten av 1800-talet av Julius Furua, og sto opphavleg inne på det noverande flyplassområdet. Då det vart flytt til Tunet i 1998, vart eit tilbygg til huset fjerna. Ludvig Karlsen, skiparen av Evangeliesenteret (Stiftelsen Pinsevennenes Evangeliesenter) og barnebarn til Ludvig «Trondhjemmer» Karlsen, vart fødd her. Huset er sett i sin opphavlege stand og innreia slik det var då romanifolket budde i det. Møblar og gjenstandar i huset er samla inn frå familien og lånt frå Glomdalsmuseet.

Bakgrunnsstoff endre