Ulstein Verft AS
Ulstein Verft AS er eit norsk, familieeigd verft i Ulstein Group. Verftet ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, eit sentralt område for den maritime klynga på Møre.
Ulstein Verft AS | |||
| |||
Bransje | Skipsbygging | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1917 | ||
Land | Noreg |
Verftet er Ulstein Group sin kompetanse- og utviklingsbase for konstruksjon, samanstilling, utrusting og integrasjon av system og utstyr i skip.
Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinaste åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje, i tillegg til fartøy innan offshore olje og gass. Hovudsatsinga er nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg service- og ettermarknadsoppdrag som dokkingar, klassing, vedlikehald, reparasjonar, oppgraderingar, sliping, maling, kran- og løftearbeid og ei avdeling i verftet tek også på seg lektertransport og kranløftoppdrag langs kysten.To av dei seinaste leveransane frå verftet er kabelleggingsskipet Nexans Aurora (2021) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution (2021).
Med ei teknisk avdeling er ingeniørtenester innan engineering og prosjektering sentrale oppgåver.
Dei stålintensive delane av skroga er sett bort til samarbeidsverft.
Historie
endreVerftet vart etablert av Martin Ulstein i 1917 som ein mekanisk verkstad for reparasjon av fiskebåtar. Gjennom meir enn 100 år har verftet bygd mange ulike typar skip, mellom anna fiskefartøy (trålarar, linebåtar, snurparar), hurtigruter, dykkebåtar, isbrytarar og ferjer, i tillegg til offshorefartøy, og seinare offshore fornybar, passasjerskip, yacht og cruiseskip. Sidan starten har verftet bygd meir enn 300 skip. Hurtigruteskipet MS «Polarlys» blei bygd her i 1996.
Kjelder
endre- Ulstein Group sine nettsider
- Idar Ulstein: Historia til Ulstein Arkivert 2020-06-25 ved Wayback Machine.
- Artikkel om Ulstein Verft AS
- Om skipsbygging på konsernet sine nettsider
- Ny milepæl for Ulstein Verft
- Denne artikkelen bygger på «Ulstein Verft AS» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mai 2010.