Ulvik stavkyrkje

stavkyrkje (riven) i Ulvik

Ulvik stavkyrkje var ei stavkyrkje i Ulvik i Hardanger, som vart riven rundt 1711. Det er bevart to sidestykke frå ein portal i kyrkja. Kyrkja stod på garden Nedre Hakastad, om lag ein halv kilometer nordaust for der kyrkja i Ulvik ligg no.

Portal frå Ulvik Stavkyrkje

Historie endre

 
 
Plasseringa til gamle Ulvik stavkyrkje

Ei kyrkje i Ulvik er første gong nemnd i 1309, då ein Torgils er nemnt som prest i kyrkja i Ulvik.[1] Ein rapport frå 1709 seier at kyrkja var «en meget gammel og forfalden stavkirke, som høilig behøver at bygges ganske af nyt tømmer».[2] Det var ikkje lenger trygt å halda gudsteneste i kyrkja, men bøndene kvidde seg for kostnadene ved å byggja ny kyrkje, og heldt difor på den gamle. I 1711 var det likevel bygd ei ny kyrkje, «en smuk ny tømmerkirke», ifølgje rapporten frå 1722.[2] To utskårne dørplankar frå stavkyrkja vart sett inn i den nye tømmerkyrkja. Denne kyrkja vart igjen riven i 1859, og erstatta med dagens Ulvik kyrkje. Dørplankane hamna då i Bergen museum.

Utsjånad endre

Ein synfaringsrapport frå 1665 nemner «taget over koret og det stykke ved og under taarnet».[2] Dette syner at kyrkja har hatt ein takryttar eller eit tårn. Rapporten frå 1665 nemner òg svalgangar og eit stigehus. Ifølgje rekneskap frå 1699-1701 var kyrkja ei stavkyrkje med omgåande svalgang. Dei bevarte dørplankane frå ein portal i kyrkja, er utskårne, i stilen som Lorentz Dietrichson kalla «den sogn-valdreske type». Han skildra portalen som eit «ypperlig arbeide».[2] Overstykket på portalen som dei var ein del av, manglar. Dietrichson meinte at portalen, og dermed stavkyrkja, måtte vera laga i første halvdel av 1200-talet.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Thorgille presbiter ecclesie de Ulfvik». Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 367-368. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum III, 85
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 368

Bakgrunnsstoff endre