Portal
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå nettportal.
Ein portal (frå mellomalderlatin portale, 'byport, forhall', av latin porta, 'dør, port')[1][2] er ein forseggjort eller framståande og rikt utsmykka inngang til ein monumental bygning som ei kyrkje, tempel, rådhus eller slott.[3][4] Han kan også vera ein frittståande æresport.[1]
Portalar kan ha dører, portar eller fallgitter i opninga for å kontrollera tilkome eller utgang. Overflata rundt opninga kan vera enkelt utforma eller dekorert med utsmykning. Særleg i renessansen og barokken kunne slike portalar vera rikt utsmykka. Nemninga i seg sjølv indikerer eit byggverk som ber noko over seg, til dømes ein arkivolt og/eller eit tak. Portalar er ofte, men ikkje alltid, utforma med dekor, til dømes skulpturelle innslag. Spesielt var dette vanleg i romansk arkitektur, gotikk og i stavkyrkjer. Moderne portalar kan ha til dømes ha postmodernisme dekor.
Døme på opne portalar (portalar utan dører) i arkitekturen er portalar inn mot gamle opne stadionanlegg og liknande byggverk. Døme på lukka portalar er portalar i kyrkjebygg, kjøpesenter og anna.
Galleri
endre-
Portalen i Stavanger domkyrkje med doble dører.
-
Puerta del Estadio Nacional har dekor av massiv stein.
-
Postmoderne portal frå 1997 teikna av Aldo Rossi, ei nytolking av renessansen.
-
Portalen i domkyrkja i Chartres.
-
Kyrkja São Martinho de Cedofeita ved Porto i Portugal.
-
Portalen i kyrkja Hronský Beňadik i Ungarn
-
Barokkportal i eit privat palass i Brescia i Italia
-
Barokkportal.
-
Dekorasjon på ein gotisk portal ved domkyrkja i Metz i Tyskland.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «portal» i Nynorskordboka.
- ↑ «portal (n.)», Online Etymology Dictionary
- ↑ Brodyby-Johansen, R. (1977): Kunstordbog, Thaning og Appel, s. 167
- ↑ Ching, Francis (1997): A Visual Dictionary of Architecture. New York: Van Nostrand Reinhold. ISBN 0-442-02462-2.
- Denne artikkelen bygger på Portal frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 5. januar 2018