Ulvik kyrkje
Ulvik kyrkje er ei krosskyrkje frå 1859 i Ulvik herad i Vestland. Kyrkja ligg på Brakanes i tettstaden Ulvik.
Ulvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ulvik | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Ulvik | ||
Fellesråd | Ulvik | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus von Linstow | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1859 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | I kleberstein, frå mellomalderen | ||
Altartavle | Måla av Anders Askevold i 1878 | ||
Ulvik kyrkje 60°34′02″N 6°55′02″E / 60.5672°N 6.91722°E | |||
Wikimedia Commons: Ulvik kyrkje |
Byggverket er i tre og har 500 plassar. Ho er ei av mange kyrkjer i Noreg som på 1800-talet vart ført opp etter mønsterteikningane til Hans Ditlev Franciscus Linstow. Kyrkja vart dekorert innvendig i 1923 med måleri av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Han har òg dekorert Granvin kyrkje.
Kyrkja var det einaste som stod att på Brakanes etter at tyske krigsfartøy hadde løyst eld mot staden 25. april 1940, resten av sentrum vart lagd i ruinar.
Eldre kyrkjer i Ulvik
endreDette er den tredje kyrkja i Ulvik. Fyrste gongen ei kyrkje er nemnd i kjeldene er i 1309, då stod det ei stavkyrkje på garden Nedre Hakastad, om lag ein halv km lenger nordaust for der Ulvik-kyrkja ligg no. Stavkyrkja vart riven i 1710, og ei ny trekyrkje vart bygd. Denne stod til dagens kyrkje var ferdig i 1859, då vart ho riven.
Bilete
endre-
Altaret og altartavla i kyrkj, måla av Anders Askevold.
-
Kopi av antemensalet frå mellomalderen.
-
Detalj frå veggmåleria Lars Osa målte i 1923.
-
Den gamle altartavla frå 1630.
-
Kyrkja på Brakanes, utsikt ut Ulvikafjorden
Foto: Jac Brun
Kjelder
endre- Anne Marta Hoff: Ulvik kyrkje i «Norges kirker»
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Ulvik kyrkje». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 364. ISBN 82-7527-022-7.
- «Ulvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Ulvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Eldre fotografi av Ulvik kyrkje på nettstaden Galleri NOR (Nasjonalbiblioteket)
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Ulvik herad på nettstaden disnorge.no
- Ulvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren