Umaro Sissoco Embaló

Umaro Sissoco Embaló (fødd 23. september 1972 i Bissau) er ein bissauguineansk politikar som har vore president i Guinea-Bissau sidan 27. februar 2020.[1] Han var også statsminister i landet frå 18. november 2016 til 16. januar 2018.[2]

Umaro Sissoco Embaló

Statsborgarskap Guinea-Bissau
Fødd 23. september 1972 (52 år)
Bissau
Yrke politikar, offiser
Språk portugisisk, spansk, Fulfulde, fransk, bambara, swahili, arabisk
Politisk parti Det afrikanske partiet for Guinea-Bissau og Kapp Verdes uavhengighet
Religion Islam
Ektefelle Dinisia Reis Embaló
Umaro Sissoco Embaló på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Embaló blei fødd i Bissau, som skulle bli hovudstaden i Guinea-Bissau. Han er utdanna i internasjonal politikk ved Universidade Técnica de Lisboa og har både mastergrad i politikk og doktorgrad i internasjonale forhold ved Universidad Complutense de Madrid. Han snakkar portugisisk og spansk flytande, i tillegg til engelsk, fransk, arabisk og swahili.

Embaló har også militær utdanning frå det nasjonale forsvarssenteret i Spania og fleire andre land, og han har rang av brigadegeneral.[3]

Statsminister 2016–2018

endre

Embaló blei utnemnd til statsminister av president José Mário Vaz 18. november 2016 og tiltredde 13. desember 2016.[4] Han tok denne posten i strid med sitt parti Partido Africano para a Independência da Guiné e Cabo Verde (Det afrikanske partiet for sjølvstende for Guinea og Kapp Verde, PAIGC), og sentralkomitéen i partiet vedtok mistillit til Embaló med stort fleirtal.[5]

Som statsminister kunne Embaló berre rekne med støtte frå Partido da Renovação Social (‘Partiet for sosial fornying’, PRS) som var det nest største partiet i nasjonalforsamlinga.[6] Etter uoverensstemmelser med president José Mário Vaz blei han avsett 13. januar 2018 med verknad frå 16. januar.[7]

Presidentvalet i 2019

endre

Embaló stilte som kandidat ved presidentvalet for partiet Movimento para Alternância Democrática (‘Rørsla for alternativt demokrati’, Madem G15).[8] Han fekk 27% av røystene i fyrste valomgang og gjekk vidare til andre runde.[9] Det offisielle valresultatet viste at Embaló vann andre valomgang med 54% av røystene mot ein annan tidlegare statsminister, Domingos Simões Pereira, som fekk 46 %.[10] Sjølv om korkje høgsterett eller parlamentet hadde godkjent resultatet organiserte Embaló sjølv ei offisiell innsetjing av seg sjølv som president på eit hotell i Bissau.[11] Fleire av politikarane i Guinea-Bissau, inkludert statsminister Aristides Gomes, skulda Embaló for å gjennomføre statskupp, men den avtroppande presidenten Mário Vaz tredde til side og tillét Embaló å overta makta.[12]

Kjelder

endre
  1. «Umaro Sissoco Embalo swears himself in as Guinea-Bissau president». BusinessDay. 27. februar 2020. 
  2. «Guinea-Bissau names new prime minister, fifth in nine months - Africa - DW - 19.11.2016». DW.COM. 19. november 2016. 
  3. «Umaro Mokhtar Sissoco Embalo». Arkivert frå originalen 25. november 2016. Henta 16. desember 2020. 
  4. Thomson. «Guinea Bissau prime minister names cabinet amid political crisis». Reuters Foundation. Arkivert frå originalen 14. november 2018. Henta 16. desember 2020. 
  5. «Guinea Bissau's dominant party to boycott new government». Business Insider (på engelsk). 28. november 2016. Arkivert frå originalen 12. juni 2020. Henta 16. desember 2020. 
  6. Agência Lusa (16. januar 2018). «Umaro Sissoco Embaló deixa Governo da Guiné-Bissau». Deutsche Welle. 
  7. Agência Lusa (13. januar 2018). «Guiné-Bissau: Presidente analisa pedido de demissão do primeiro-ministro». Deutsche Welle. 
  8. Partiet var skipa av 15 utbrytarar frå PAIGC, blant dei Embaló, i 2016. Partiet stilte liste til parlamentsvalet i 2019 og fekk, som nest største parti, 27 av 102 sete.
  9. «CNE - RESULTADOS PROVISÓRIOS PRESIDENCIAIS 2019» (på portugisisk). CNE.gw. 
  10. «Guinea-Bissau ex-PM Embalo declared winner of runoff». AfricaNews. 5. februar 2020. 
  11. Agency Staff (27. februar 2020). «Umaro Sissoco Embalo swears himself in as Guinea-Bissau president». BusinessDay. 
  12. Braima Darame; Agência Lusa (27. februar 2020). «Em meio a contencioso judicial, Sissoco toma "posse simbólica" como Presidente da Guiné-Bissau». DW (på portugisisk).