Umyndig er eit juridisk omgrep som omfattar to kategoriar personar som er umyndige.

Det er for det første ein person, eit barn, ein mindreårig som ikkje har nådd myndig alder etter Verjemålslova, Lov om vergemål for umyndige av 1927 § 1. Verjemålslova § 1 seier at ein er umyndig fram til ein blir myndig den dagen ein fyller 18 år.

Umyndige er også personar som er umyndiggjort fordi dei ikkje er i stand til å vareta sine eigne interesser. Umyndiggjering skjer med heimel i Lov om umyndiggjørelse av 1897. Det er no heilt uvanleg at nokon blir umyndiggjort. I staden blir det som regel oppnemnt ein hjelpeverje med heimel i Verjemålslova.

Umyndige har ikkje rettsleg handleevne, og må dermed ha verje. Verje varetar ein umyndig sine interesser og handlar på den umyndige sine vegne i formuessaker, og er også rettsleg representant for den umyndige i alle samanhengar. For mindreårige er verja i utgangspunktet den eller dei som har foreldreansvaret, men dersom desse er døde eller ikkje kan påta seg oppgåva, blir det oppnemnt ein verje for den mindreårige. For umyndiggjorte blir det oppnemnt verje.

Overformynderiet har tilsynet med verja i ein kommune.

Bakgrunnsstoff endre