Opna hovudmenyen

Una

elv i Bosnia-Hercegovina og Kroatia

Una er ei elv i vestlege delar av Bosnia-Hercegovina som utgjer ein del av grensa mot Kroatia. Una er ei av sideelvane til Sava frå høgre. Nedslagsfeltet hennar er 10 400 km² og om lag ein million menneske bur innanfor dette området.

Una
elv
Kastele.jpg
Ein liten foss ved Kastlski Buk
Land Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina, Flag of Croatia.svg Kroatia
Nedslagsfelt 10 400 km²
Lengd 212 km
Kjelde Stražbenica
 - høgd 520 moh.
Munning Sava
 - høgd 94 moh.
Wikimedia Commons: Una River (Sava)

Una har sitt utspring i den nordaustlege fjellsida av Stražbenica og renn gjennom Martinbrod, Kulen Vakuf, Ripac, Bihać, Bosanska Krupa, Bosanska Otoka, Novi Grad (Bosanski Novi), Kostajnica (Srpska (Bosanska) og Hrvatska), Kozarska Dubica ((Bosanska Dubica)). Ho munnar ut i elva Sava nær Jasenovac i Kroatia. Dei største sideelvane hennar er Unac, Sana, Klokot og Krušnica.

Over 170 forskjellige medisinske urter veks ved Una, mellom anna ei sjeldan plante kalla Campanula unensis, Una blåklokke, som er kalla opp etter den lyseblå fargen til elva Una. Det finst 28 forskjellige fiskeslag i elva, og dei største av desse er huchen (Donau laks).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra